
Vi har 5 ulike type opphald:
- Primærrehabilitering
- Kontrollopphald
- Vurderingsopphald
- Rehabiliteringsopphald for pasientar med kroniske og komplekse funksjonsvanskar
- Gruppeopphald for slagramma.
På senteret finn du seksjonsleiar, sekretær, legespesialist, sjukepleiarar, hjelpepleiarar, miljøterapeut, ergoterapeutar, fysioterapeutar, sosionom, logoped, kjøkkenassistent og vaktmeister. Samarbeidet mellom deg, dine pårørande og personalet byggjer på god informasjon, felles planlegging og arbeidsdeling under opphaldet. Det er viktig å vere klar over at alle tilsette på Mork har teieplikt. Vi er godkjent som opplæringsinstitusjon og du vil derfor også kunne møte studentar frå ulike utdanningar under oppholdet.
Mork rehabiliteringssenter gir tilbod om rehabilitering til følgjande diagnosegrupper:
- Hjerneslag
- Hjerneskadar
- Omfattande skadar (multitraumer) etter ulykke
- Følgjetilstandar etter kreft
- Nevrologiske lidingar
- Ryggmargskadar
- Andre med behov for spesialisert rehabilitering
Teamarbeid
Eit individuelt tilpassa rehabiliteringstilbod krev at pasient og pårørande er ein naturleg del av teamet. Ulike arenaer/metodar for samhandling er:
- Innkomstsamtale
- Vurderingsmøte/målmøte
- Heimebesøk
- Individuell rehabiliteringsplan
- Individuell plan
- Sluttevalueringsmøte. Tverrfagleg sluttrapport vert utarbeidd til alle pasientar
Tverrfagleg samarbeid
Følgjande yrkesgrupper arbeider ved senteret:Legespesialist, sjukepleiarar, hjelpepleiarar, sosionom, fysioterapeutar, ergoterapeutar, logoped, Miljøterapeut, seksjonsleiar, sekretær, kjøkkenassisten og vaktmeister.
Familie og pårørande
Arbeid med familie og pårørande er eit satsingsområde for rehabiliteringssenteret, og desse vert rekna som ein ressurs i rehabiliteringa. Familie- og pårørande kan delta i rehabiliteringa og bu ved senteret når dette er teneleg for pasientforløpet. Vi arrangerer også familie- og pårørandeseminar.
Brukarorganisasjonar
Funksjonshemmedes FellesorganisasjonNorges handikapforbundAfasiforbundetForeningen for muskelsykePersonskadeforbundet LTNLandsforeningen for slagrammede LFSRyggforeningen i NorgeNorsk revmatikerforbundBrosjyre
Skriv ut brosjyren om Mork rehabiliteringssenter
Organisering
Seksjonsleiar: Anita Myklebust Nybø - Epost: anita.myklebust.nybo@helse-mr.no
Mork rehabiliteringssenter er ei eining under Klinikk for medisin og rehabilitering i Helse Møre og Romsdal.
Hospitering på Mork rehabiliteringssenter
- Personale frå kommunen som skal følgje opp ein pasient etter utskriving frå Mork, kan hospitere ein eller fleire dagar. Dei kan følge pasienten og observere tilboda vedkommande får på Mork og øve seg på teknikkar og liknande som er nødvendig for å vidare oppfølging av rehabiliteringsarbeidet.
- Ved generell hospitering frå kommune eller statleg institusjon vil fagpersonar får følge dei yrkesgruppene dei ønsker. Dei kan observere behandlingsmetodar, få informasjon om samarbeidet her, og på kva måte Mork rehabiliteringssenter arbeider.
- Begge sortar hospitering vil innehalde ein del undervisning, diskusjon og generell kompetanseutveksling. Kor stramt og fastlagt program som vert sett opp, vil variere etter ønskje frå hospitantane og kapasitet ved Mork.
- Vi skreddarsyr opplegg ut frå ønsker og behov.