Kvardagen på Mork
Du får individuelt tilrettelagt oppfølging med terapeutar og tilbod om deltaking i samtalegrupper. Vår lege følgjer din rehabiliteringsprosess tett. Det blir også gitt tilbod om undervisning i aktuelle tema.
Vi har fokus på å nytte naturen og sentrumsområdet som ein arena for rehabilitering, og vi prøver å nytte dette i gruppebaserte eller individuelle aktivitetar. Bassengtrening kan vere aktuelt for einskilde.
På kveld, helg og på høgtidsdagar kan rehabiliteringstilbodet vere noko avgrensa på grunn av mindre bemanning.
Fasilitetar
- 18 einerom som er godt tilrettelagt for rullestolbrukarar (med eige bad / toalett)
- 5 gjesterom
- Store og godt utstyrte treningslokaler
- Treningskjøkken
- Varmtvassbasseng
- Tredemølle med vektavlasting
- Treningsleilegheiter
- Lyse og trivelege fellesrom
- Bibliotek
- Trådlaust internett
- Stort uteområde med brygge, lavvo og gapahuk