For sett utanifra, var begge to i ein svært spesiell situasjon og eg er sikker på at det var mykje ”folke snakk”. Dei er gravide og for begge er det ei ny erfaring. Men den eine er ei eldre kvinne som eigentleg er for gamal til å få barn – den andre er ei ung jomfru. Med andre ord: ingen av dei skulle eigentleg vere i stand til å vere gravid. Det som rører seg inne i magane, skulle etter naturen ikkje vere mogleg, men som engelen Gabriel hadde sagt til Maria: ”ingen ting er umogleg for Gud.” Desse to kvinnene vågde å tru det – og dei vågde å vere Herren sine tenestekvinner – dei vågde å vere reiskap i Guds hand. Slik har desse to kvinnene blitt ståande som førebilete for oss i ettertid.
Eg trur ikkje det var lette dager. Det ser vi dersom vi les meir av historia og prøver å sette oss inn i situasjonane dei er satt i. Maria vert hos Elisabet i heile 3 månader og det må seie noko om det behovet desse to kvinnene hadde for å vere saman. Vi veit lite om kva dei faktisk fylte dagane med, men eg har våga meg til å ha eit bilde av to dansande kvinner på framsida. Midt i alle spørsmåla, så ser eg for meg sang; musikk; dans og glede ! Det står jo til og med at barnet sparka i magen av fryd !! Dette er store ting og verdshistoria får eit før og eitt etter, knytta til det som er i ferd med å skje – og midt i sentrum står to gravide kvinner som levande vitnesbyrd på at ingenting er umogleg ! To kvinner som hadde behov for å støtte kvarandre – bruke tid saman – vere saman. Midt i alt det underfulle og overnaturlege – så er kanskje det den viktigaste lærdomen vi kan ta med fra desse to kvinnene. Behovet dei hadde for å dele glede; sorg; spørsmål; tvil og frustrasjoner – livshistorie med kvarandre. Kanskje hadde ikkje Guds frelsesplan lukkast om ikkje dette basale; relasjonelle; medmenneskelege behovet var blitt tilfredsstilt ? Våger vi å dele våre liv med andre – våger vi å bruke tid saman med andre – slippe andre inn i våre liv og våre historier ???
God søndag og fastetid; Odd Arne Skogen
Sjukehusprest i Ålesund
Publisert: 22.03.2016