HELSENORGE

Den bortkomne sonen

Ramma er herregarden med eigarfamilie og tenarstab, og sorga over ein son som hadde forlete dei: Tru om han var i live?

EI FORTELJING FRÅ JESUS: Ein mann hadde to søner. Den yngste sa til far sin: ‘Far, lat meg få den delen av formuen som fell på meg.’ Så skifte han eigedomen sin mellom dei. 

Ikkje mange dagane etter selde den yngste sonen alt det han eigde, og drog til eit land langt borte. Der levde han eit vilt liv og sløste bort formuen sin.  Då han hadde sett alt over styr, vart det uår og svolt i landet, og han tok til å lida naud.  Han gjekk då til ein av mennene der i landet og bad om arbeid, og mannen sende han ut på markene sine for å gjeta grisene.  Han ønskte berre å få metta seg med dei belgfruktene som grisene åt, men ingen gav han noko.

Då gjekk han i seg sjølv og sa: ‘Kor mange leigekarar heime hos far min har ikkje fullt opp av mat, og her går eg og svelt i hel!  Eg vil bryta opp og gå heim til far min og seia: Far, eg har synda mot Himmelen og mot deg.  Eg er ikkje verd å kallast son din lenger. Men lat meg få vera som ein av leigekarane dine.

Så braut han opp og gjekk heim til far sin.

Medan han endå var langt borte, fekk faren sjå han, og han fekk inderleg medkjensle med han. Han sprang imot han, kasta seg om halsen på han og kyste han.  Då sa sonen: ‘Far, eg har synda mot Himmelen og mot deg. Eg er ikkje verd å kallast son din lenger.’
Men faren sa til tenarane:
‘Skund dykk! Finn fram dei beste kleda og ha dei på han, og lat han få ring på fingeren og skor på føtene.  Hent så gjøkalven og slakt han, og lat oss halda måltid og feira.  For denne sonen min var død og har vorte levande, han var bortkomen og er attfunnen.’

Og så tok festen og gleda til.


«Skund dykk!»

Ramma er herregarden med eigarfamilie og tenarstab, og sorga over ein son som hadde forlete dei: Tru om han var i live?

Vi ser den aldrande faren – redd og lengtande. Han kunne ikkje gi opp håpet om å få sonen tilbake!

Ein far vil alltid lengte og leite etter borna sine. Han er til for dei! Det er det som er å vere far!

Kanskje den vakraste av alle forteljingane frå Jesus – Den bortkomne sonen.

Slik, seier Jesus, slik er det mellom far og son på Jorderik! Og slik er det mellom Gud og oss menneske. Jesus lærer oss at Gud er vår Far i Himmelen, og han lengtar og leitar…

«Skund dykk!» seier han til tenarane.

Høyr - han bryr seg ikkje om at eg vart sein. Ikkje heller om eg var full av skit og kom meir eller mindre tomhendt. Andletet hans skin av glede – glede over at eg er her!

Ja, slik er det Jesus kallar oss menneske inn til Gudslivet og Himmelriket!

Ein fars kjærleik har hast! «Skund dykk og gjer alt ferdig,» ivra han til tenarane, «så festen kan ta til!»

Eg trur Jesus gledde seg stort kvar gong han fortaltte denne likninga.

Akkurat no er det din tur å høyre henne!

Og din tur til å kjenne på gleda…

Herren velsigne deg og vare deg!

Herren la sitt Andlet lyse over deg og vere deg nådig!

Herren lyfte sitt åsyn på den og gje deg fred!

Amen!


Jens T. Johnsen,
Volda sjukehus.

Fann du det du leita etter?