Ein mann var på veg frå Jerusalem ned til Jeriko. Då fall han i hendene på røvarar. Dei reiv av han kleda og skamslo han, så gjekk dei sin veg og lét han liggja der halvdød. Så hende det at ein prest kom same vegen. Han såg mannen, men gjekk utanom og forbi. Det same gjorde ein levitt; han kom dit, såg mannen og gjekk rett forbi. Ein samaritan som var ute på reise, kom òg den vegen. Og då han fekk sjå mannen, fekk han inderleg medkjensle med han. Han gjekk bort til mannen, helte olje og vin på såra hans og la forbinding på dei. Så lyfte han mannen opp på eselet sitt og førte han til eit herberge og stelte vel med han. Morgonen etter tok han fram to denarar, gav dei til verten og sa: ‘Sørg vel for mannen, og må du leggja ut meir, skal du få det når eg kjem tilbake.’
(Lukas kp 10.)
Eg tenkjer på denne kjekke samaritanen: Korleis hadde han det med seg sjølv, tru, der han reid vidare etter innsatsen i audemarka?
Rett nok er ikkje dette akkurat noko som har hendt. Det er berre ei forteljing, frå Jesus. Men vi har då lov å dikte litt! Og då svarar eg: Han hadde det godt med seg sjølv! Litt bekymra over korleis det ville gå med pasienten hans, men om nokre dagar ville han sjå han att og kunne støtte vidare…
Og elles?
Jo, han var glad - glad det gjekk godt! Det kom ikkje fleire røvarar - det kunne det glatt ha gjort. Og då ville situasjonen brått ha vorte ein heilt annan for han og eselet hans. Og pengane han gav verten, denarane? Ja, han var glad han hadde det so pass at han kunne hjelpe ein neste i naud!
Eg tenkjer på dei som høyrde forteljinga første gongen. Det var for deira skuld Jesus laga heile historia - ei forteljing om gudsrykt og nestekjærleik i kvardagen. Presten og levitten gjekk forbi. Dei religiøse, med andre ord. Dei trudde Gud var viktigare enn medmennesket! Dei ville ikkje sjå menneske i naud, for slike kom lett i vegen for større og viktigare ting. Så kjem Jesus frå Guds Himmel og seier at medmennesket er nummer ein. Og der finn kjærleiken alltid eit ærende. Og kjærleiken let seg ikkje hindre av bønetider og rituale. Kjærleiken gler seg med Nesten når noko går godt
Høyr kva profeten seier om dette:
Kva krev Herren av deg?
Berre at du gjer rett,
viser trufast kjærleik
og vandrar augdmjukt med din Gud. (Mika 6,8)
Når gudsfrykta kolliderer med nestekjærleiken, då er det noko som er gale – kan hende både med gudsfrykta og med kjærleiken!
Somme menneske er bekymra over at dei kjenner seg så lite religiøse. Til dei seier eg at dei lyt bringe denne bekymringa til Gud i tillitsfull bøn. Han forstår og kjenner oss til fulle. Bed så om auge til å sjå din neste i menneske du møter. Og vis kjærleik!
På vegen heim kan hende du kjenner deg både glad og lett. For du fekk møte nokon som trengde deg og hjarterommet ditt!
Jens Terje Johnsen,
Sjukehusprest i Volda.