I det same kom disiplane hans. Dei undra seg over at han snakka med ei kvinne. Men ingen av dei spurde kva han ville, eller kvifor han snakka med henne. Då lét kvinna vasskrukka stå og gjekk inn i byen og sa til folket: «Kom, så skal de få sjå ein mann som har sagt meg alt det eg har gjort! Kan han vera Messias?» Då gjekk dei ut av byen og kom til han.
Mange av samaritanane frå den byen tok til å tru på Jesus på grunn av det kvinna sa då ho vitna: «Han har sagt meg alt det eg har gjort.» Og då samaritanane kom ut til han, bad dei han vera hos seg, og han vart verande der to dagar. Og mange fleire tok til å tru fordi dei fekk høyra hans eige ord, og dei sa til kvinna: «No trur vi ikkje lenger på grunn av det du sa, for vi har høyrt han sjølve. Og vi veit at han verkeleg er den som skal frelsa verda.» Då dei to dagane var gått, drog Jesus ut derifrå og fór til Galilea.
Johannes evangeliet kapittel 4
Utgangspunktet for samtalen mellom Jesus og kvinna, er at Jesus er tørst og han spør henne om ei teneste. Alt der bryter Jesus to regler. Han som mann skal ikkje tale til ei kvinne når dei er aleine – og ho er ein samaritan i tillegg. Kvinna gir ikkje Jesus vatn utan vidare. Ho bryter ikkje dei sosiale reglane som gjaldt mellom kjønn og mellom jøder og samaritan. Det skaper spenning og dialog mellom desse to. Ho stiller spørsmål tilbake. Midt i ein litt merkeleg situasjon, opplever ho å bli tatt på alvor og stilt på valg. Eg ser for meg at ho kjem til vannposten og er litt overraska over at der er nokon i det heile. Det er på det varmaste på dagen og dei fleste sit i skyggen. Ho kjem på dette tidspunktet for å sleppe å møte folk. Ho er ei som folk flest ser ned på og ikkje vil ha noko med å gjere, på grunn av livsførselen. Eg ser for meg ei som er vant med å bli brukt og misbrukt. Ho lever eit liv som ikkje er A 4 og av samfunnet er ho plassert utanfor. Men i møte med Jesus viser ho heilt tydeleg at ho ikkje har gitt opp sin identitet verken som kvinne eller samaritan. Ho veit kven ho er og kjenner tradisjonane og historia – og dei betyr mykje for ho. Ho definerer seg innanfor, sjølv om andre definerer henne utanfor – for å bruke litt andre ord, avslører ho at ho har ei tru.
Her på sjukehuset opplever eg ofte å møte folk som av ulike grunner, opplever å vere satt utanfor ulike miljø som dei helst ville vore ein del av. Slike som bevisst og ubevisst unngår omgang med andre; som gjer seg usynleg i det offentlege rom; som isolerer seg og lever einsamt. Historiene er mange; ulike; sammensatte – og ofte knytta til enkelt hendingar i fortida. Ein slik situasjon endrer seg sjeldan med eit knips. Det er blitt eit mønster som er vanskeleg å bryte. Men på same måten som det negative fort baller på seg – så kan det positive spreie om seg som ringer i vatn. Det at du blir etterspurt; sett og behandla som likeverdig kan vere med å gi trua på deg sjølv igjen. Vi har så lett for å henge fast i fortid. Grava oss ned i gamal dritt i staden for å bli ferdig med det. Om nødvendig gjere opp; be om orsaking – reise oss og få sjansen til å møte morgondagen med ”reine ark og fargestifter te”. Vi må hjelpe kvarandre til å vere rause; ikkje spreie sladder og skeive blikk – men heller vere litt naive og alltid tenke det beste. Du bruker mindre energi på å smile enn å vere sur ! Så er det så koseleg å få eit smil tilbake !!
Lukke til og god søndag !
Odd Arne Skogen, sjukehusprest
Gud bor der hvor han blir sluppet inn, men han kan bare slippe inn der man virkelig bor.
Martin Buber