HELSENORGE

Som eit lite barn

Frå kyrkja sin dåpsliturgi.

Vi høyrer om desse alvorlege, unge mennene rundt Jesus:
Det kunne ikkje vere så farleg med desse små! Dei forstod ikkje noko likevel!

Men Jesus:
Han kallar på dei, fortel Lukas.
Og Lukas hadde auge for slikt, for han var legeutdanne og kjende Hippokrates sin eid om respekt for den einskilde!
Jesus kalla på mødrene.
Og sa at borna deira sjølvsagt høyrde med i Gudsriket!
Og Markus fortel i sitt evangelium korleis Jesus så tok borna inn til seg!
Det blei ei god stund.
Borna si naturlege tru fekk ein skikkeleg kveik i dette møtet.
Dei kjende den goda handa hans på hovuda sine
og såg inn i auge med
glede og håp!

Eg elskar denne forteljinga berre meir og meir etter som livet går.

Så jordnær!

Så levande!

Og tenkjer på mine eigne born, og no deira born igjen

dei aller herlegaste!

Når eg er med dei, strålar eg og!

Eg sit ikkje og lesser bekymringar og tvil ned over desse.

For dei ventar heile tida noko anna.

Og så får dei denne kveiken på ny og på ny medan dei veks opp

denne djupe gleda

som veks fram av dei vaksne sine blikk

deira glede og tru.

Tru, seier du!

Kva er vel tru?

Det er ikkje trusartiklar, for trua går djupare enn vitet!

Det er ikkje moralbod, for livet er meir enn karakterstyrke og god oppseding!

Tru er det håpet, den tilliten og det motet Gudslivet matar inn i oss. Tilliten til at Gud er god og livet ei gåve og ei oppgåve.

Det beste vi kan gjere for kvarandre her i livet er

å bere nytt håp og ny tru til kvart vesle møte vi får.

Og så ete og drikke av songar og Gudsord, bøner og vitnemål.

Då veks trua og krev rom i oss og omkring oss.

Som ungar som ventar noko godt av kvar vaksen som kjem forbi ventar vi noko godt av kvarandre

og av vår Gud!

Vi er truande, born som vaksne.

Og vi er rekna med

her

og i Gudsriket!

Beste helsing frå Jens Terje Johnsen.
Sjukehusprest i Volda.

Fann du det du leita etter?