No skulle eg gjerne ha hørt svaret og refleksjonane dine, men dei får du kanskje dele med nokon andre…..
Det kan vere både godt og vondt å stoppe opp og kike attende – og ein treng ikkje å gjere det så altfor ofte. Men eg tipper at du stoppa opp ved ein del enkelt episoder; meir eller mindre viktige val situasjonar som har satt sine spor i ditt liv. Du ser for deg menneska; staden; spørsmåla; dilemmaet; kjenslene – det er veldig saman satt og psykologien kan forklare mykje om kvifor vi velger som vi gjer. Men der er også ganske mykje eg ikkje kan forklare så veldig lett – og svært mange av situasjonane har eg ikkje styrt sjølv. For meg dukker veldig fort ordet ”tilfeldig” opp – eg har inga forklaring – det berre vart slik – var heilt naturleg der og da.
I Bibelfortellinga møter Filip denne etiopiske hoffmannen tilfeldig på ei aud og forlatt vegstrekning. Møtet ender med dåp og ein lukkeleg mann som reiser vidare. Det møtet endra svært mykje i mannen sitt liv – eit før og eit etter. Ofte stiller eg meg spørsmålet om Gud kan ha ein finger med i noko av det som skjer i vår kvardag – om Han legg ting litt til rette – tilfeldigvis ??
Odd Arne Skogen
Sjukehusprest i Ålesund
Ein engel frå Herren tala til Filip og sa: «Gjer deg ferdig og gå sørover på vegen som fører frå Jerusalem til Gaza.» Dette er ei aud strekning. Filip gjorde seg ferdig og tok ut. Då fekk han sjå ein etiopisk hoffmann, ein høg embetsmann som hadde tilsyn med skattkammeret hos Kandake, dronninga i Etiopia. No hadde han vore i Jerusalem for å tilbe. Han var på veg heim og sat i vogna si og las frå profeten Jesaja. Då sa Anden til Filip: «Gå bort og hald deg attmed den vogna!» Filip sprang dit bort og høyrde at han las frå profeten Jesaja. «Skjønar du det du les?» spurde han. «Korleis kan eg vel det når ingen rettleier meg?» svara han. Og han bad Filip koma opp og setja seg ved sida av han. Det stykket i Skrifta som han las, var dette:
Lik sauen dei fører til slakting,
og lammet som teier når det blir klipt,
lét han ikkje opp sin munn.
Då han var fornedra, vart dommen over han bortteken.
Kven kan fortelja om hans ætt?
For livet hans er rykt bort frå jorda.
Hoffmannen sa då til Filip: «Sei meg, kven er det profeten talar om her? Er det om seg sjølv eller om ein annan?» Då tok Filip til orde. Han begynte med dette skriftordet og forkynte evangeliet om Jesus for han. Medan dei køyrde frametter vegen, kom dei til ein stad der det var vatn, og hoffmannen sa: «Sjå, her er vatn. Kva er til hinder for at eg blir døypt?» [«Trur du av heile ditt hjarte, så kan det gjerast,» sa Filip. «Eg trur at Jesus Kristus er Guds Son,» svara han.] Så lét han vogna stansa, og dei steig ned i vatnet, både Filip og hoffmannen, og Filip døypte han. Då dei steig opp av vatnet, rykte Herrens Ande Filip bort, og hoffmannen såg han ikkje meir. Han fór glad sin veg.
Apostelgjerningane 8: 26 - 39