Habilitering barn og ungdom Kristiansund

Habilitering av barn og unge ved Kristiansund sjukehus er eit av Helse Møre og Romsdal HF sine to habiliteringstilbod for personar mellom 0 - 18 år. Habilitering er målretta arbeid for å byggje opp og støtte funksjonar, samspel, livskvalitet og deltaking hos barn som er født med funksjonshemming eller som blir funksjonshemma før fylte 18 år. Også andre barn og unge med behov for tverrfagleg habiliteringsteneste kan få tilbod hos oss.

Les meir om Habilitering barn og ungdom Kristiansund

Habilitering barn og ungdom Kristiansund

Habiliteringsarbeid er basert på at fleire fagpersonar arbeider saman. I tenesta arbeider ergoterapeut, fysioterapeut, lege, pedagog, psykolog, sjukepleiar, vernepleiar og sosionom. Alle som er i kontakt med oss får ein eigen kontaktperson/koordinator ved tenesta.

Dette er dei tre viktigaste arbeidsområda for tenesta:

  • Utgreiing og diagnostisering av barn og ungdom i aldersgruppa 0 - 18 år for aktuelle problemstillingar.
  • Rettleiing og råd til tiltak rundt barnet/ungdomen.
  • Kurs/opplæring for foreldre og fagpersonar i kommunane.


Seksjonsleiar: Eva Løkvik

Kontaktinformasjon

Oppmøtestad
Seksjon for habilitering av barn og unge ligg i Sykehusgt. 2, like ved Kristiansund sjukehus.
Telefon
71 21 75 70
Måndag - fredag kl 08:00 - 15:30
E-post
Postadresse

Helse Møre og Romsdal HF
Postboks 1600
6026 Ålesund

Kristiansund sjukehus
Besøksadresse
Herman Døhlens vei 1(Kart)
6508 Kristiansund
Telefon
71 12 00 00
Medisinsk nødtelefon 1 1 3

Praktisk informasjon

​Endre/avbestille time

Må du avbestille eller endre time, så ber vi deg ta kontakt med vår ekspedisjon - på telefon. Det er viktig at ringer så snart som råd og seinast innan 24 timar før avtalt time. Unytta timar som ikkje blir varsla vil bli fakturt. Ekspedisjonstida er frå måndag til fredag, kl 08.00 – 15.30.

Barn som pårørande

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Servicetorget

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

Kvardagar: 07.30–21.00

Laurdag: 10.00–17.00

Søndag: 12.00–19.00

Sjukehusapoteket i Kristiansund

Spisestader

​Kantina i 2. etasje er open for pasientar, pårørande og tilsette.

Kantina har følgjande opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 10.00 - 14.00
  • Helg og høgtid: stengt  

I tillegg kan du finne kiosk i 1. etasje ved Kristiansund sjukehus.

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.

Tilvisingsskjema - habilitering av barn og unge

Arrangement

  • Tysdag 07.05.
    Rettigheitskurs

    Opplæringa tek føre seg kva for ulike hjelpe- og støtteordningar som finst for familiar med barn og ungdom med langvarige helseutfordringar - kronisk sjukdom/funksjonshemming. Dagskurset blir halde fire stadar i fylket i løpet av 2019.

  • Onsdag 04.09.
    Autisme / Asperger - foreldre, Ålesund

    Opplæring til foreldre/føresette til ungdom 13-18 år som ønskjer kunnskap om og forståing for utfordringar til ungdomen med autismespektervanskar. To enkeltdagar pluss ein oppfølgingsdag. Les meir i vedlagt invitasjon!

  • Onsdag 11.09.
    Utviklingshemmet - foreldrekurs, Vestnes

    Hva innebærer det å være psykisk utviklingshemmet? Opplæring for foreldre til ungdom 9 - 18 år. Les mer i vedlagt invitasjon!

  • Måndag 16.09.
    Autisme / Asperger - ungdom, Ålesund

    Opplæring for ungdom 13-18 år med autismespektervanskar/Asperger som ønskjer meir kunnskap og forståing i forhold til seg sjølv sin diagnose. Les meir i vedlagt invitasjon!

  • Tysdag 17.09.
    Autismespekter / Asperger, foreldre - Kristiansund

    Opplæring for foreldre/foresatte til barn 1. - 7. klasse som ønsker kunnskap om og forståelse for barnets utfordringer i forhold til sin diagnose. Les mer i vedlagt invitasjon!

  • Tysdag 01.10.
    Nevroutviklingsforstyrrelser - forståelse og tilrettelegging

    - gjelder barn med adferds-/kognitive utfordringer sett ut fra begrepet ESSENCE. Dagskurs i Kristiansund og Volda. Les mer i vedlagt invitasjon!

  • Onsdag 27.11.
    Autismespektervanskar / Asperger - skulen og foreldre, Ålesund

    Opplæring for tilsette i skulen og foreldre/føresette som ønskjer kunnskap og forståing for utfordringar kring diagnose og tilrettelegging i skulen. Les meir i vedlagt invitasjon!

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.