Vi tar imot premature uavhengig av svangerskapslengde og fødselsvekt, sjuke nyfødde og spedborn inntil 3 månaders alder. Primært skal seksjonen dekke Møre og Romsdal, men ved behov behandlar vi også pasientar frå andre fylke, mellom anna frå Sogn og Fjordane.
Dei minste pasientane kan ha behov for å liggje fleire månader i seksjonen, mange fullborne treng ofte berre nokre timar med observasjon.
Ved seksjonen er det tilsett sjukepleiarar og legar. Dei fleste sjukepleiarane har spesialkompetanse innan nyføddmedisin. Dei fire overlegane har også spesialutdanning i nyføddmedisin.
Alle barn får tildelt kontaktsjukepleiar og fast ansvarleg overlege i løpet av dei første dagane etter innkomst. Overlegen følgjer opp barnet under heile opphaldet og vidare på poliklinikken. For tidleg fødde barn blir følgde opp i inntil 6 år.
NIDCAP
Det som er spesielt for nyføddseksjonen i Ålesund, er at vi arbeidar fast etter NIDCAP- prinsippet. Dette inneber at barna vert skjerma mot alle former for stress. Samtidig observerer vi kontinuerleg signal om barna si modning og dermed aukande toleranse overfor utfordringane i stell og behandling.
Vi meiner foreldra er barna/pasientane sine viktigaste omsorgspersonar. Dei blir difor så tidleg som mogleg inkludert i pleie og stell og har tilgang til barna døgnet rundt. Nødvendige undersøkingar, for eksempel ultralyd, blir tilpassa barna sin aktuelle tilstand og toleranse heller enn personalet sin tidsplan. Dette gir betre langtidsresultat enn standard pleie.
Søvn
På søvnlaboratoriet, ”Polysomnografi”, vert søvnrelaterte problemstillingar undersøkt. Dette gjeld mellom anna søvnvanskar, uregelmessig pusting, snorking, spørsmål om fjerning av mandlar og påfallende rørslemønster under søvn.
Rom
Vi har eit luftsmitte isolat-rom og fire foreldre/barn soverom i seksjonen.
Seksjonsleiar
Ann-Iren Vartdal.
Strikkar for små liv from Helse Møre og Romsdal on Vimeo.