Mjølkebanken ved Ålesund sjukehus

Velkomen som morsmjølkgivar

Vi er svært glade for at du ønsker å bli morsmjølkgivar. 
Morsmjølk er den beste næringa for tidleg fødde og sjuke nyfødde barn kan få. Ofte har ikkje mødre nok morsmjølk til barnet sitt, då er det viktig at vi har tilgjengeleg morsmjølk frå givarar. Som morsmjølkgivar er du med på å gi sjuke nyfødde ein god start i livet.


Mor med prematurt barn

Hud, håp, liv. Illustrasjon: Astrid Bjørneseth

Før du b​l​​ir givar

For å bli givar er det visse krav som må vere oppfylt. Du må:​


  • vere frisk
  • ikkje røyke eller snuse
  • ikkje drikke alkohol så lenge du gir mjølk
  • ikkje bruke faste medikament, heller ikkje naturmedisinpreparat (reseptfrie smertestillande som Paracet etc. kan brukast  ved engangstilfelle)
  • ha fødd for mindre enn 6 månader sidan

Er desse krava oppfylt, får du eit skjema som du skal fylle ut. Mjølka di skal brukast til svært små og sjuke spedbarn, derfor er det viktig mjølka ikkje inneheld farleg smittestoff. Du synest kanskje nokon av spørsmåla er nærgåande og personlege, men det er viktig at vi får informasjon om dette. Vi må forsikre oss om at mjølka er utan farlege bakteriar eller virus, eller om du har vore utsett for høg risiko for smitte. Alle opplysningar blir behandla strengt fortruleg.​

I tillegg må du ta ein blodprøve for å utelukke at du har vore smitta med enkelte virus som kan vere farlege for barn som er fødd for tidleg. Dett er stort sett dei same reglane som gjeld for blodgivarar. Ny blodprøve må takast kvar 3.månad så lenge du er givar.

Når du s​kal g​i mjølk

Mjølka som du gir til morsmjølkbanken vil bli testa for bakteriar. Dette for sikre at mjølka ikkje har for høgt innhald av uønska bakteriar. God hygiene er svært viktig!

Du får ei godtgjersle på 150 kr pr. liter morsmjølk. Er det mykje bakteriar i mjølka må ho varmebehandlast og då blir nokre viktige virkestoff øydelagde, dette vil vi gjerne unngå. Mjølk som må varmebehandlast blir godtgjord med 75 kr pr. liter. Er mjølka ubrukeleg på grunn av for mykje bakteriar kan vi ikkje betala for ho. Du får då igjen mjølka eller den kan kastast. I tillegg dekker vi reise for levering av mjølk.

Du får utlevert alt utstyr du treng (brystpumpe, beger, papirhandkle mm.). Du vil få tildelt eit givarnummer som skal stå på alle mjølkebegera du leverer.​

Prak​tiske råd

  1. ​Vask hendene med såpe og vatn før pumping. Bruk papirhandkle, og steng krana med papir. Ved forkjøling kan munnbind fåast på avdelinga
  2. Hald bryst og brystknopp rein ved dagleg dusjing og vask brystet med fukta papirhåndkle før kvar pumping
  3. Viss du ikkje akkurat har amma, skal du rense mjølkegangane ved at du klemmer ut nokre dropar for hand før den eigentlege pumpinga startar
  4. Ha den nypumpa morsmjølka over i beger og frys. Halvfulle beger kan du sette i kjøleskapet straks og etterfylle ved neste pumping inntil begeret er fullt. Mjølka må frysast den dagen ho blir pumpa, unngå mjølk med ulik dato i same glas. Husk å ta bakterietest av mjølka
  5. Etter kvar pumping skal du skylle utstyret i kaldt vatn og vaske det med såpe og vatn. Etterpå skal du koko pumpeutstyret i 10 minutt. Slangen skal du koke 1 gang i veka
  6. Ta kontakt med avdelinga ved sjukdom og nødvendig medikamentell behandling (òg vaksinar). Du vil då få beskjed om givartenesta kan pågå under sjukdom og medikamentsbruk​

Levering av mors​​mjølk

Det er viktig at du merkar mjølkebegera du leverer til morsmjølkbanken. Merk med givarnummer, dato for pumping og nummer om du pumpar fleire beger i løpet av dagen.

Ved levering av morsmjølk anbefaler vi å ha mjølkebegera i ein kjølebag under transporten. Hugs å ha bakterieprøvane i ein eigen pose.

Du kan levere mjølk når det passar, men beste tidspunktet er kvardagar kl. 09.00 til 14.00.

Er det noko du lurer på så spør når du er her eller ring oss.

​Konta​​kt oss

Nyfødt intensiv ved Ålesund sjukehus


 

Barne- og ungdomsavdelinga ved Ålesund sjukehus (akvarell)

Barne- og ungdomsavdelinga ved Ålesund sjukehus. Illustrasjon: Astrid Bjørneseth




Fann du det du leita etter?