Sengepost barn og ungdom Ålesund

Sengepost for barn og ungdom er delt i to einingar, barn 1 og barn 2. Vi har til saman 20 sengeplassar og ei rehabiliteringseining. Her behandlar vi alle medisinske sjukdomar og plager, og utfører kirurgi som krev innlegging for barn i alderen frå 3 månader til 18 år.  

Les meir om Sengepost barn og ungdom Ålesund

Sengepost barn og ungdom Ålesund

Barn 1 er infeksjonsposten med 10 einerom. Barn med infeksjonssjukdomar i luftvegane og i mage/tarm er den største pasientgruppa. 

Barn 2 har ti einerom og ei  rehabiliteringseining. Dette er ei infeksjonsfri avdeling. Hit kjem born med mellom anna diabetes, leddgikt, hjartesjukdomar, epilepsi og kreft. Barn innlagt pga. øyre-nase-hals-lidingar og barn som må ha kirurgisk og/eller ortopedisk behandling ligg òg på vår sengepost, men får behandling av legar frå dei respektive avdelingane.

Svært sjuke barn med behov for meir intensiv behandling og overvaking, vert innlagt på kirurgisk intensivavdeling. Her vert dei følgt opp av legar frå barneavdinga på lik linje med barn som er innlagt på den vanlege sengeposten vår.

Avdelinga tek imot pasientar til planlagte undersøkingar (listepasientar), operasjonar og pasientar med behov for strakshjelp (ø-hjelp). 80-85 % av dei innlagt barna er pasientar som krev strakshjelp.

Seksjonsleiar: Irene Takvam

Kontakt

Oppmøtestad
Sengeposten finn du ved barneavdelinga, eit eige bygg like ved hovudinngangen til Ålesund sjukehus.
Telefon
70167660
Alle dagar.
Postadresse
Helse Møre og Romsdal
Postboks 1600
6026 Ålesund
Ålesund sjukehus
Besøksadresse
Åsehaugen 5(Google maps)
Telefon
70105000
Medisinsk nødtelefon 1 1 3

Praktisk informasjon

Barn som pårørande

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Parkering

​​Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet. Betaling pr. time kontant eller bankkort.

Kart over sjukehusområdet, inkludert informasjon om parkering.

Biletet er klikkbart og gir større versjon (pdf).

 

Pasienthotellet

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon finn du på pasientreiser.no.

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Servicetorget

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

07.30–15.30

Sjukehusapoteket i Ålesund

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.

ME - Kronisk utmatting hos barn og ungehttps://helse-mr.no/behandlinger/me-kronisk-utmatting-hos-barn-og-ungeME - Kronisk utmatting hos barn og ungeMCFS/ME - Kronisk utmattelse hos barn og ungeCFS/ME - Kronisk utmattelse hos barn og ungeME - kronisk utmatting hos barn og ungeCFS/ME - Kronisk utmattelse hos barn og unge

Arrangement

  • Fredag 02.11.
    Barn og unge med epilepsi, Ålesund

    Opplæring til foreldre/foresatte og fagpersoner som ønsker kunnskap om og forståelse for barnets/ungdommens utfordringer i forhold til diagnose. Les mer i vedlagt invitasjon!

  • Astmaskulen - Ålesund

    Målgruppe: Foreldre, besteforeldre, tanter/onkler, tilsette i barnehage, SFO eller skule. Berre for vaksne.

  • Cøliakiskole - i Ålesund

    Målgruppe: Barn frå skulealder, foresatte, besteforeldre, andre nære påørende, skule-/SFO-/barnehagepersonale.

  • Eksemskule i Ålesund

    Målgruppe: Foreldre, besteforeldre, tilsette i barnehage og skule.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.