Føde-barsel Ålesund

Føde- og barselavdelingane på sjukehusa i Møre og Romsdal har innført ei rekke tiltak knytta til koronasituasjonen. Her er informasjon til deg som venter born.

 

Trur du fødselen er i gong?

Ring fødeavdelinga:
Ålesund sykehus: 70105940

Vi vurderer smitterisiko individuelt, både hos mor og ledsagar, og du vil derfor få spørsmål knytta til dette:

  • Dersom ledsager har luftveisinfeksjon/smitte/sitter i karantene kan ledsager dessverre ikkje være med i fødselen
  • Dersom mor har luftveisinfeksjon/smitte/sitter i karantene, vil mor være i isolasjon.
  • Ledsagar kan ikkje være med ved keisersnitt.

    Om opphald etter fødsel (barsel)
  • Barselopphold vert halde så kort som mogleg (2 døgn inntil nødvendig undersøkelse er gjort).
  • Av smittehensyn kan ledsager dessverre ikkje være til stades under barselopphaldet.
  • Besøk av andre er ikkje tillatt, heller ikkje søsken.
  • Eventuelt isolasjon videreførast på barsel.
  • Nyfødde born skal ikkje takast ut av avdelinga før bornet er utskrive.

    Om polikliniske konsultasjonar
  • Oppsatte timar går som normalt hvis ikkje annan beskjed vert gitt.
  • Det er svært viktig å forholde seg til informasjon som vert sendt på SMS i forkant av timen.
  • Ledsager kan ikkje vere med på polikliniske konsultasjonar, det gjeld også ultralyd - eit nødvendig tiltak for å begrense besøk på sjukehus.


    Vi ber deg stille spørsmål om graviditeten til lokal jordmor/fastlege i størst mogleg grad.

    Vi ber om forståelse for at vi innfører desse tiltaka, og beklager ulempene dette medfører for dykk. Vi vil legge til rette for ei trygg og god oppleving for deg under fødselen og barselopphaldet.
Les meir om Føde-barsel Ålesund

Føde-barsel Ålesund

Meir informasjon:

Informasjon fra Folkehelseinstituttet om graviditet og koronasmitte/-sykdom

Råd om korona til foreldre, barn og gravide fra HelseNorge

Beredskap- og følgjeteneste

I Møre og Romsdal er det kommunane med reiseveg over 90 minuttar frå kommunesentrum til næraste sjukehus som har beredskap for følgjeteneste for fødande. Dette gjeld kommunane Aukra, Aure, Halsa, Smøla og Surnadal. For meir informasjon kontakt den einskilde kommune. Ved akutt behov ta kontakt med fødeavdelinga eller ring 113.

Ved behov for jordmorhjelp i dei kommunane som ikkje har avtale om beredskap- og følgjeteneste, kan jordmor frå fødeavdelinga ved behov reise i møte med den fødande. Ta kontakt med fødeavdelinga eller ring 113.

Tilpassa fødetilbod

Alle fødeavdelingane i Møre og Romsdal har tilpassa (differensiert) fødselsomsorg.
Det betyr at fødande får eit tilbod tilpassa sine behov for omsorg og oppfølging ved fødselen.  Vurderinga skjer fortløpande gjennom heile fødselsforløpet.
Praksisen er i tråd med Verdens Helseorganisasjon (WHO) sine 10 prinsipp for omsorg i svangerskapet, under fødselen og den første tida etter fødselen (perinatal omsorg).

Dei ti prinsippa:

  1. Demedikalisering av normale fødslar -  den grunnleggande fødselsomsorga skal gis med berre heilt nødvendige inngrep, og med minst mogleg bruk av teknologi.
  2. Redusere unødig bruk av avansert teknologi -  bruk av avansert og komplisert teknologi bør ikkje nyttast der enklare prosedyrar vil fungere like bra eller betre.
  3. Kunnskapsbasert omsorg - omsorga bør vere basert på best tilgjengeleg kunnskap, helst kunnskap frå randomiserte studiar der det er formålstenleg.
  4. Desentralisert omsorg - omsorga bør vere desentralisert, og organisert etter prinsippet om lågast effektive omsorgsnivå, med utgangspunkt i primærhelsetenesta og med høve om tilvising til spesialisthelsetenesta.
  5. Tverrfagleg omsorg - omsorga bør være tverrfagleg, og involvere helsearbeidarar som m.a. jordmødrer, fødselslegar, barnelegar og sjukepleiarar.
  6. Heilskapleg omsorg - omsorga bør omhandle heile mennesket, med dei intellektuelle, kjenslemessige, sosiale og kulturelle behov som kvinna, barna og familien har, ikkje berre deira fysiske behov.
  7. Familiesentrert omsorg - omsorga bør møte behova ikkje berre for kvinna og barnet, men også for kvinnas partnar og deira familie/ vener.
  8. Kulturtilpassa omsorg - omsorga bør vurderast og tilpassast ut frå kva som passar best i den kulturelle samanhengen den blir gitt.
  9. Medverknad - kvinner bør involverast i avgjersle om behandling og ivaretaking.
  10. Respekt - omsorga bør spegle respekt for kvinnas private sfære og hennar integritet, samt retten til konfidensiell behandling.

Hud-til-hud kontakt i barseltida

Vi er opptatt av å legge til rette for at mor og barn er i lag heile døgnet med minst mogeleg uro. Fordelane med tett kontakt er at du raskare vert kjend med barnet sin døgnrytme. Mykje hud til hud kontakt er særleg viktig for tilknytting til barnet og for ein god start på amminga. I tillegg vil det stimulere dei naturlege funksjonane hos den nyfødde. Vi oppmodar også far/partner til å bruke hud-til-hud metoden.

Mor-barn-vennleg sjukehus

Vi er godkjend som mor-barn-vennleg sjukehus. Godkjenninga krev at vi følgjer WHO/Unicef sine ti trinn for vellykka amming.

10 trinn for vellykka amming:

  1. Ha ei skriftleg ammeprosedyre som rutinemessig blir gjort kjent for alt helsepersonell ved avdelinga.
  2. Tilby opplæring slik at det er mogleg for personalet å følgje ammeprosedyra.
  3. Bidra til å spre informasjon til gravide om fordelane ved brysternæring og om kva dei kan gjere for å få til amminga.
  4. Sørge for at mor og barn etter ein normal fødsel kan ha uforstyrra hudkontakt i minst ein time, eller til barnet er klar til å suge og den første amminga har funne stad. Gjere mødrene merksame på tidlege tegn på svolt/sugebehov hos barnet.
  5. Vise mødrer korleis dei skal amme og korleis dei kan oppretthalde mjølkeproduksjonen sjølv om dei midlertidig er skild frå sine spedbarn.
  6. Ikkje gi nyfødde barn noko anna form for næring eller drikke enn morsmjølk, unntatt når det er medisinsk grunn til det.
  7. Gi mor og barn anledning til å vere saman 24 timar i døgnet.
  8. Oppmuntre til amming etter behov (sjølvregulering).
  9. Unngå bruk av narresmokk eller flaskesmokk til brystbarn, i alle fall til amminga er godt etablert.
  10. Bidra til at det blir etablert ei heilskapleg arbeidande tiltakskjede mellom svangerskapsomsorga, føde/barselavdelinga og helsestasjonen. Helsetenesta bør informere om Ammehjelpen, og støtte oppstart av ammehjelpgrupper.

Søke fødeplass

Det er ikkje nødvendig å søke fødeplass i Møre og Romsdal. Ein blir registrert etter å ha vore på ultralydscreening i svangerskapsveke 17-20, og når ein har levert inn informasjonsskjema. Skjemaet blir tilsendt i posten saman med innkalling til ultralydundersøkinga.

Fødande som krev utvida behandling vil bli tilvist til oppfølging/behandling ved Ålesund sjukehus. For nokre gravide kan det bli aktuelt med tilvising til St.Olavs Hospital eller anna sjukehus med særskilt fagansvar.

Barseltida

Pasientforløpet er skrive for fagpersonell, men opent for alle. Det inneheld prosedyrar som er forankra i nasjonale rettleiarar og regionalt standardisert pasientforløp. Les meir om standardiserte pasientforløp 

Kontaktinformasjon

Oppmøtestad

Møt direkte i 8. etasje - fødeseksjonen.

Ring oss før oppmøte.

Besøkstider
måndag - sundag Fri besøkstid for barnefar/partner og barnets søsken. Besteforeldre er velkomen i tida kl 18.00 - 19.00.
Telefon
Føde: 70 10 59 40 / 91 87 24 81
Barsel: 70 10 59 30 / 70 10 59 99
Ålesund sjukehus
Besøksadresse
Åsehaugen 5(Kart)
Telefon
70 10 50 00
Medisinsk nødtelefon 1 1 3

Kart og parkering

​​Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet. Betaling pr. time kontant eller bankkort.

Merka parkering, bygningar og avdelingar på sjukehusområdet.

 

KORONAVIRUSET: Viktig informasjon til pasientar og besøkande

​For å unngå koronasmitte har vi restriksjonar for besøk på sjukehusa. Viss du har fått innkalling til time, eller planlegg eit besøk, må du gjere deg kjent med gjeldande rutine.

Gjeldande rutine finn du her

Praktisk informasjon

Barn som pårørande

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Besøkstider føde/barsel

​Sjå egen informasjon om Korona.

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


KORONAVIRUSET: Informasjon til fødande og partnar

​For å unngå koronasmitte har vi innført nye retningsliner ved våre føde- og barselavdellingar.

Her kan du lese retningslinene

Måltid

Frukost kl 08:00 - 09:00

Lunsj kl 12:00 - 13:00

Middag kl 15:30 - 16:30

Pasienthotellet

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Servicetorget

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

07.30–15.30

Sjukehusapoteket i Ålesund

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Spisestader

Kantina

Kantina finn du i 1. etasje, og den er open for pasientar, pårørande og tilsette. 

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
  • Helg og høgtid: stengt



Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.

Amming, Ålesundhttps://helse-mr.no/behandlinger/amming-alesundAmming, ÅlesundAAmmingAmmingAmmingAmming
Fødsel - tvillingar/fleirlingar, Ålesundhttps://helse-mr.no/behandlinger/fodsel-tvillingarfleirlingar-alesundFødsel - tvillingar/fleirlingar, ÅlesundFTvillinger/flerlingerTvillinger/flerlingerTvillinger/flerlingerTvillinger/flerlinger
Fødsel og barsel, Ålesundhttps://helse-mr.no/behandlinger/fodsel-og-barsel-alesundFødsel og barsel, ÅlesundFFødsel og barselFødsel og barselFødsel og barselFødsel og barsel
Fødselsrifter med skade på endetarmen sin lukkemuskel, Ålesundhttps://helse-mr.no/behandlinger/fodselsrifter-med-skade-pa-endetarmen-sin-lukkemuskel-alesundFødselsrifter med skade på endetarmen sin lukkemuskel, ÅlesundFFødselsrifter med skade på endetarmens lukkemuskelFødselsrifter med skade på endetarmens lukkemuskelFødselsrifter med skade på endetarmens lukkemuskelFødselsrifter med skade på endetarmens lukkemuskel
Graviditet - blodpropp før eller i svangerskapethttps://helse-mr.no/behandlinger/graviditet-blodpropp-for-eller-i-svangerskapetGraviditet - blodpropp før eller i svangerskapetGBlodpropp før eller i svangerskapetBlodpropp før eller i svangerskapetBlodpropp før eller i svangerskapetBlodpropp før eller i svangerskapet
Graviditet - overvaking av barn i magen til mor, Ålesundhttps://helse-mr.no/behandlinger/graviditet-overvaking-av-barn-i-magen-til-mor-alesundGraviditet - overvaking av barn i magen til mor, ÅlesundGOvervåking av barn i mors mageOvervåking av barn i mors mageOvervåking av barn i mors mageOvervåking av barn i mors mage
Igangsetting av fødselhttps://helse-mr.no/behandlinger/igangsetting-av-fodselIgangsetting av fødselIIgangsetting av fødselIgangsetting av fødselIgangsetting av fødselIgangsetting av fødsel
Keisarsnitt, Ålesundhttps://helse-mr.no/behandlinger/keisarsnitt-alesundKeisarsnitt, ÅlesundKKeisersnittKeisersnittKeisersnittKeisersnitt
Nyføddscreeninghttps://helse-mr.no/behandlinger/nyfoddscreeningNyføddscreeningNNyfødtscreening - blodprøveNyfødtscreening - blodprøveNyfødtscreening - blodprøveNyfødtscreening - blodprøve

Arrangement

Fann du det du leita etter?