Føde-barsel Volda

Føde- og barselavdelingane på sjukehusa i Møre og Romsdal har innført ei rekke tiltak knytta til koronasituasjonen. Her er informasjon til deg som venter born.

 

Trur du fødselen er i gong?

Ring fødeavdelingea i Volda:70058361


Smitterisiko

Vi vurderer smitterisiko individuelt, både hos mor og ledsagar, og du vil derfor få spørsmål knytta til dette:

Dersom ledsager har luftveisinfeksjon/smitte/sitter i karantene kan ledsager dessverre ikkje være med i fødselen. Dersom mor har luftveisinfeksjon/smitte/sitter i karantene, vil mor være i isolasjonLedsagar kan ikkje være med ved keisersnitt

Om opphald etter fødsel (barsel).
Barselopphold vert halde så kort som mogleg (2 døgn inntil nødvendige undersøkelser er gjort). Barnefar/ledsager har høve til å kome på besøk i tidsromet kl 18-20. Av smittehensyn er det dessverre ikkje høve for andre besøkande, heller ikkje søsken.  Eventuelt isolasjon videreførast på barsel. Nyfødde born skal ikkje takast ut av avdelinga før bornet er utskrive

Om polikliniske konsultasjonar
Oppsatte timar går som normalt hvis ikkje annan beskjed vert gittDet er svært viktig å forholde seg til informasjon som vert sendt på SMS i forkant av timen. Ledsager kan ikkje vere med på polikliniske konsultasjonar, det gjeld også ultralyd - eit nødvendig tiltak for å begrense besøk på sjukehus.

Vi ber deg stille spørsmål om graviditeten til lokal jordmor/fastlege i størst mogleg grad.

Vi ber om forståelse for at vi innfører desse tiltaka, og beklager ulempene dette medfører for dykk. Vi vil legge til rette for ei trygg og god oppleving for deg under fødselen og barselopphaldet.
Fann du det du leita etter?