Gynekologisk poliklinikk Kristiansund

Velkomen til gynekologisk poliklinikk i Kristiansund!

Ved poliklinikken gir vi tilbod om utgreiing, diagnostisering og behandling av  svangerskap og andre gynekologiske tilstandar. Ultralydscreening i svangerskapsveke 17-20 er eit tilbod til alle gravide etter tilvising frå fastlege eller jordmor. For gravide med risikotilstandar kan det vere aktuelt med oppfølging i svangerskapet ved poliklinikken. 

Kvinner som ønskjer sjølvbestemt abort kan ta kontakt med poliklinikken utan tilvising.  


Feriestenging:  Veke 26, 27, 28 og 29 (samtidig som Føde/barsel). Drift i Molde.

Fann du det du leita etter?