HELSENORGE

Informasjon til fødande og partnar i samband med covid-19

Her finn du våre retningsliner i samband med koronapandemien. 

Trur du fødselen er i gong?

Ring fødeavdelinga:

Smitterisiko

  • Vi vurderer smitterisiko individuelt, både hos fødande og partnar
  • Dersom den fødande har luftvegsinfeksjon/bekrefta covid-19/er nærkontakt, skal ho og partnar isolerast i lag
  • Ved mistanke om smitte hos partnar blir hurtigtest vurdert før fødsel
  • Partnar som har fått bekrefta covid-19 skal i hovudsak ikkje inn på sjukehuset, unntak gjeld for fødsel

Fødselen

  • Partnar kan vere til stades under fødselen, også planlagt keisersnitt
  • Smitta partnar skal bruke munnbind og blir isolert saman med fødekvinna
  • I perioden før aktiv fødsel, der den fødande enno ikkje er lagt på fødestova, vil vi så langt som råd legge til rette for at partnar kan vere til stades. Dette er avhengig av kapasiteten elles på seksjonen. Ved svært lang reiseveg kan ein vurdere å nytte lokale hotell 

Barselopphaldet

  • For å redusere risikoen for smitte til mor og barn kan ikkje smitta partnar bli med til barselavdelinga i isolasjonsperioden
  • Dersom både mor og partnar er smitta, blir familien isolert i lag på barselavdelinga 
  • Ut i frå kapasitet i avdelinga vurderer vi kor mykje partnar kan vere til stades under barselopphaldet
  • Ved ledig kapasitet på barsel tilbyr vi familierom (rom der foreldra og det nyfødde barnet får bu i lag).
  • Det er ulike besøkstider ved barselavdelingane våre. Søk etter Føde-barsel her for å finne besøkstider ved di barselavdeling. 

Ultralyd og andre polikliniske konsultasjonar

  • Avtalte timar går som normalt, om du ikkje får anna beskjed
  • Det er svært viktig å følgje informasjonen som blir sendt på SMS i forkant av timen
  • Partnar kan vere med på svangerskapskontrollar. Avtal dette med avdelinga
  • Partnar må vere frisk for å kunne vere med på ultralyd og andre svangerskapskontrollar

Vi ber deg i størst mogleg grad stille spørsmål om graviditeten til lokal jordmor/fastlege i di kommune.

Vi vil legge til rette for ei trygg og god oppleving under fødselen og barselopphaldet. 

Meir informasjon


Denne sida blir oppdatert fortløpande.​

Fodeavdelingen_alesund_hmr og foden.ksuogmo_hmr er på Instagram. Følg oss gjerne.


Illustrasjonsbilde frå fødeavdelinga 


 

Fann du det du leita etter?