BUP poliklinikk Molde

Poliklinikken for psykisk helsevern til barn og unge mellom 0 til 18 år gir tilbod om førebyggjande arbeid, gjennomfører undersøkingar, gir behandling og råd/rettleiing til personar som har psykiske lidingar eller problem. Våre tilsette har ulik utdannings- og erfaringsbakgrunn og gir tilbod ut frå tverrfagleg teamarbeid. Familien og/eller nettverket til pasienten er ofte knytt til tilbudet som blir gitt.

Les meir om BUP poliklinikk Molde

BUP poliklinikk Molde

Vår seksjon med sine tre geografiske team og eit småbarnteam gir tilbod i hovudsak til følgjande 12 kommunar i vår region: Aukra, Eide, Fræna, Gjemnes, Midsund, Molde, Nesset, Rauma, Sandøy, Sunndal, Tingvoll og Vestnes. Fritt sjukehusval opnar for tilvisingar også fra andre kommunar. Samarbeidet med kommunane er ein svært viktig del av det heilskaplege tilbodet som blir gitt til barnet/ungdomen.

 

Seksjonsleiar: Elisabeth Hagstrøm (kst.)

 

Nyttig informasjon

Vi får tilvist barn og ungdom som kan vere redde, triste eller sinte, strever på skulen eller heime, eller har andre problem som dei treng hjelp til.  Mange gruer seg første gongen dei skal kome til oss, men dei fleste synest etterkvart at det er greit.

Når du kjem hit ønskjer vi å høyre frå deg kva som er vanskeleg, og så prøver vi å finne ut i lag kva vi kan gjere for at du skal få det betre. For å finne ut meir om dette, ønskjer vi også å snakke med foreldra dine og kanskje læraren din. Vi synest også det er viktig å høyre kva du meiner er bra og kva du liker å halde på med på skulen og i fritida.

Ofte gjer vi ulike undersøkingar, og gir deg enkelte oppgåver. Av og til pratar heile familien saman, og av og til pratar barnet/ungdomen åleine med ein av oss.  Nokre barn/ungdomar kan i tillegg ha behov for medisin. Det kan være fordi ein er svært lei seg, har sterk uro i kroppen eller har vanskeleg for å konsentrere seg.

I lag med deg og familien din kan vi samarbeide med skulen, barnehagen, PP-tenesta , lege eller helsesøster.

Vi som jobbar ved psykisk helsevern for barn og unge har teieplikt. Det vil seie at vi ikkje kan gi opplysningar til andre om kva vi får vite om deg eller familien din, uten at dykk gir oss lov til det. Dette vil den du møter her fortelle deg meir om når du kjem.

Ungdom over 16 år kan bli tilvist til oss utan at foreldra treng å bli informert.

Kontakt

Oppmøtestad
Knausensenteret, Nøisomhedsvg. 12, Molde.
Telefon
71217360
Måndag - fredag kl 08:00-11:30 og 12:00-14:30
Postadresse

Helse Møre og Romsdal HF
Postboks 1600
6026 Ålesund

Knausensenteret
Besøksadresse
Nøysomhetsvegen 12(Google maps)
6416 Molde
Telefon
71120000
Sentralbord

Praktisk informasjon

​Endre/avbestille time

Må du avbestille eller endre time, så ber vi deg ta kontakt med vår ekspedisjon - på telefon. Det er viktig at ringer så snart som råd og seinast innan 24 timar før avtalt time. Unytta timar som ikkje blir varsla vil bli fakturt. Ekspedisjonstida er frå måndag til fredag, kl 08.00 – 15.30.

Barn som pårørande

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Forløpskoordinator psykisk helsevern for barn og ungdom

​​​​​Forløpskoordinator skal informere, rettleie og gi råd om pakkeforløp før pasientforløpet er starta og fagperson er tildelt. Pasient, pårørande, fastlegar og andre aktuelle i kommunehelsetenesta kan ta direkte kontakt med koordinator for informasjon.

97640944

Telefontid måndag til fredag frå kl 8.00-11.30 og 12.00-1600

 

Kva er eit pakkeforløp? Les meir på helsenorge.no

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Spisestader

​Kantina ved hovudinngangen på Knausen er open for pasientar, pårørande og tilsette.

Kantina har følgjande opningstider:

  • Måndag - fredag: 11.00 - 14.00
  • Laurdag og søndag: stengt

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.

Tilvisingsskjema BUP

Arrangement

  • Måndag 04.03.
    Autismespektervansker / Asperger syndrom, foreldrekurs - Molde

    Opplæring for foreldre/foresatte til barn med autismespektervansker som ønsker kunnskap om og forståelse for barnets utfordringer i forhold til sin diagnose. Totalt tre enkeltdager. Les mer i vedlagt invitasjon!

  • Tysdag 07.05.
    Rettigheitskurs

    Opplæringa tek føre seg kva for ulike hjelpe- og støtteordningar som finst for familiar med barn og ungdom med langvarige helseutfordringar - kronisk sjukdom/funksjonshemming. Dagskurset blir halde fire stadar i fylket i løpet av 2019.

  • Onsdag 22.05.
    ADHD/ADD - Molde

    Opplæring for foreldre/foresatte til barn med ADHD/ADD – hyperkinetisk forstyrrelse.

  • Måndag 27.05.
    Kurs om problematisk og skadeleg seksuell atferd (SSA), Molde

    Grunnleggende fagkunnskap og bevissthet om SSA. Målgruppa er ansatte i BUP, barnemedisin, habilitering, og aktuelle ansatte i 1. linje. Les mer i vedlagt invitasjon!

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.