Oppstart av pakkeforløp 1. januar 2019

Frå 1. januar 2019 skal alle pasientar som har rett til helsehjelp i Psykisk helsevern for barn og ungdom få dette i form av eit pakkeforløp. Det vil seie at vi i har bestemte fristar vi må halde oss til både under utgreiing og behandling.

Frist for utgreiing er ordinært 6 veker, og ved behov utvida med 6 veker. Etter at diagnose er gitt blir behandlinga evaluert etter 6 veker, for så å bli evaluert kvar 12. veke.

Den som henviser til BUP skal få tilsendt kopi av utgreiings- og behandlingsplan. Den er utarbeidd av pasient/føresette og behandlar i BUP og skisserer hva slags utgreiing og behandling pasient/føresette skal motta - herunder tidshorisont.

Den første tilbakemeldinga til henvisar skal skje i løpet av dei 2-3 første vekene i BUP, så når behandlingsplan er klar, og vidare tilbakemelding etter evaluering av behandlinga med eventuell vidareføring eller endring av behandling.

For meir informasjon om pakkeforløp kan du gå inn på helsedirektoratets hjemmesider: www.helsedirektoratet.no : www.helsedirektoratet.no