Åse hotell

Velkommen til Åse hotell. Vi tilbyr overnatting til pasientar og pårørande i Helse Møre og Romsdal. Hotellet er bemanna med sjukepleiar og er ope frå måndag kl 7.30 til fredag kl 15.00.

Les meir om Åse hotell

Åse hotell

Pasienthotellet er eit tilbod til pasientar og pårørande i Helse Møre og Romsdal.

Pasientar som er innlagd i sjukehuset kan etter behandlande lege si vurdering få bo på hotellet.

Pasientar som skal til poliklinisk behandling kan få tilbod om å bo på hotellet dersom dei har lang reiseveg, eller det av andre grunner er behov for overnatting. Ein er då ikkje innlagd ved sjukehuset. Det er derfor viktig å ta med seg medisinar og anna ein treng.

Pårørande kan bo på hotellet om det er ledig kapasitet.

Hotellet er døgnbemanna med sjukepleiar som kan vere til hjelp med råd og informasjon.

Helse Møre og Romsdal eig og driv hotellet. Det er organisert under kreftavdelinga i klinikk for medisin.

Kontakt

Oppmøtestad
Åse hotell ligg like sør for Ålesund sjukehus, mellom kreftavdelinga og helikopterplassen.
Telefon
70 10 66 50
E-post
Ålesund sjukehus
Besøksadresse
Åsehaugen 5(Google maps)
Telefon
70 10 50 00
Medisinsk nødtelefon 1 1 3

Bestill hotell

​Avdelinga på sjukehuset ordnar bestilling for deg og dine pårørande.

Rekvisisjonsskjema for bestilling

Seksjonsleiar

​Ida Grøtta Barstad

Telefon: 70 10 60 49

E-post: ida.grotta.barstad@helse-mr.no

Praktisk informasjon

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Parkering

​​Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet. Betaling pr. time kontant eller bankkort.

Kart over sjukehusområdet, inkludert informasjon om parkering.

Biletet er klikkbart og gir større versjon (pdf).

 

Pasienthotellet

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon finn du på pasientreiser.no.

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Sjukehusapoteket i Ålesund

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.