Kreftpoliklinikken og lindrande team Kristiansund

Vi tilbyr legekontrollar, cellegiftkurar og symptomlindring.

Les meir om Kreftpoliklinikken og lindrande team Kristiansund

Kreftpoliklinikken og lindrande team Kristiansund

Kreftpoliklinikken

Vi tilbyr forundersøking til alle pasientar, det vil seie at pasientane tar blodprøve og har samtale dagen før kur og at kuren blir godkjend på førehand. Dei som har lang reiseveg kan i nokre tilfelle ta blodprøve hos fastlege, og ha telefonkonsultasjon med sjukepleiar dagen før. Dette bidrar til mindre  tid brukt på sjukehus.

Cellegiftbehandling er individuell, og blir planlagt ut frå diagnose, allmenntilstand og sjukdomsutbreiing. Behandlinga finn stad i eit større behandlingsrom, og  tal på plassar er ulik frå sjukehus til sjukehus. Vi har også eigne rom der ein kan ha samtale med lege og sjukepleiar på tomannshand.

Pasientar som treng strålebehandling blir sendt til Ålesund sjukehus for behandling.

Lindrande team

Lindrande team er ei tverrfagleg gruppe som består av fysioterapeut, sosionom, ernæringsfysiolog, prest, legar og sjukepleiarar med spesiell kompetanse innan anestesi, onkologi og palliasjon. Vi gir råd og rettleiing til kreftpasientar som har ein kreftsjukdom ein ikkje kan bli frisk av. Vi ønsker at pasient og pårørande skal oppleve best mogleg livskvalitet.

Lindrande behandling er definert som aktiv behandling, pleie og omsorg for pasientar som har ein sjukdom ein ikkje blir frisk av.

Vi gir og råd, rettleiing og undervisning til helsepersonell i kommunane, knytt til kreftpasientar som blir utskrivne frå sjukehus. Lindrande team ønsker å legge til rette for at pasienten får vere mest mogleg heime, eller så nær heimen som mogleg.

Vi vil samarbeide om god organisering av tenester som den enkelte pasient og pårørande har behov for. Vi arbeider for å styrke fagkunnskap hos helsepersonell gjennom rådgiving og undervisning. Teamet er eit bindeledd mellom sjukehuset og kommunane.

Vi har fokus på pårørandearbeid  og rehabilitering i Kreftavdelinga i Helse Møre og Romsdal, og pasientane får informasjon når dei kjem til behandling.

Kontakt

Oppmøtestad
Kreftpoliklinikken og lindrande team finn du på plan 0, inngang H.
Telefon
71 12 23 78
måndag08:00-16:00
tysdag08:00-16:00
onsdag08:00-16:00
torsdag08:00-16:00
fredag08:00-16:00