Kreftsengeposten Ålesund

Kreftavdelinga er ei avdeling for behandling av pasientar med ulike kreftsjukdommar i vår region. Avdelinga tilbyr utgreiing og ikkje-kirurgisk behandling (cellegiftbehandling og stråleterapi).

Les meir om Kreftsengeposten Ålesund

Kreftsengeposten Ålesund

Sengeposten opna sommaren 2005 og har i dag 14 einerom i drift.

Vi tilbyr:

  • Cellegiftbehandling
  • Strålebehandling
  • Lindrande behandling


Sengeposten har eit nært samarbeid med kreftavdelingas lindrande team som arbeider aktivt ut mot primærhelsetenesta i fylket. Dei faggruppene som arbeider her er legar som har spesialisering i kreftbehandling (onkologar), kreftsjukepleiarar, sjukepleiarar, fysioterapeutar, sosionom, ernæringsfysiolog og prest. Vi har og ein postsekretær, portør og ein kjøkkenassistent.

Det blir tatt ei rekke undersøkingar av pasientane når dei kjem til avdelinga. Røntgenundersøkingar som CT, MR og annan bildediagnostikk blir gjort for å kartlegge sjukdommen og utbreiinga av den.

Det blir tatt rutinemessig blodprøver og kliniske undersøkingar som blodtrykk, puls og temperatur av alle som blir innlagt på avdelinga. Vekt og høgde blir også målt dersom du skal ha cellegiftbehandling. Beinmargsprøve kan vere aktuelt ved mistanke om hematologisk sjukdom.

Cellegiftbehandling

Cellegiftbehandling kan bli gitt som kurerande eller lindrande behandling. På sengeposten gir vi behandlingar som går over ein eller fleire dagar.

Cellegiftbehandling er individuell for kvar pasient og planleggast ut frå diagnose, allmenntilstand og utbreiing av sjukdommen. Pasientar som har fått cellegiftbehandling på anna sjukehus, for eksempel på St.Olavs Hospital, kan bli overflytta til kreftsengeposten for observasjon.

Strålebehandling

Pasientar frå heile regionen får strålebehandling i Ålesund. Pasientar som er for sjuke til å få stråling poliklinisk og for sjuke til å bu på pasienthotellet blir lagt inn på kreftsengeposten. Pasientar som kjem frå andre lokalsjukehus blir overflytta til kreftsengeposten for strålebehandling, og flytta tilbake til lokalsjukehuset etter avslutta behandling.

Lindrande behandling

Pasientar som har ein kreftsjukdom som ikkje kan kurerast, med symptom og plager som er vanskelege å lindre kan leggast inn på kreftsengeposten. I avdelinga er det 3 senger som er prioritert til palliativ (lindrande) behandling. Desse 3 sengene blir fulgt opp av legar og sjukepleiarar frå sengeposten og det lindrande teamet. Pasienten blir lagt inn i palliativ seng for utgreiing av ei konkret problemstilling, for så å kome heim eller bli overflytta til anna institusjon (sjukeheim).

Kontakt

Oppmøtestad
Kreftsengeposten finn du i 2. etasje på kreftavdelinga. Enklaste vegen til avdelinga er å gå inn på nordsida av bygget, der det står «Sengepost» på døra.
Telefon
70 10 69 80
måndag - sundag 08:00 - 16:00
Næraste pårørande kan også ringe kveld/natt.
E-post
Ålesund sjukehus
Besøksadresse
Åsehaugen 5(Google maps)
Telefon
70 10 50 00
Medisinsk nødtelefon 1 1 3

Praktisk informasjon

Besøkstid

​Det er ingen besøkstid for pårørande på kreftsengeposten. Her er dørene alltid opne for dei som ønskjer å kome på besøk.

Ytterdøra låser seg automatisk kl 20:00 kvar kveld, men ved hjelp av ei ringeklokke ved døra får du kontakt med personalet.

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

Måltid

Frukost kl 08:00 - 09:00

Lunsj kl 12:00 - 13:00

Middag kl 15:30 - 16:30

Parkering

​​Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet. Betaling pr. time kontant eller bankkort.

Kart over sjukehusområdet, inkludert informasjon om parkering.

Biletet er klikkbart og gir større versjon (pdf).

 

Pasienthotellet

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Pusterommet - Treningstilbod

​Eit trenings- og aktivitetsrom for kreftpasientar.

Aktiv mot kreft jobbar for for å få fysisk aktivitet inn som ein del av behandlinga.

Pusterommet er eit trenings- og aktivitetssenter som tilbyr tilpassa fysisk aktivitet til kreftpasientar under og etter behandling. Det er også ein møteplass og sosial arena for pasientar i same situasjon.

Dei ansatte du møter på Pusterommet har spesialkompetanse innan fysisk aktivitet og kreft.

Du kan delta i gruppetrening og/eller få individuelt tilrettelagt treningsprogram.

Les om opninga av pusterommet

Sjå også filmen frå opninga av pusterommet: 

 

 

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon finn du på pasientreiser.no.

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Sjukehusapoteket i Ålesund

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.