Lindrande team Kristiansund

Lindrande team er ei tverrfagleg gruppe som består av fysioterapeut, sosionom, ergoterapeut, ernæringsfysiolog,  prest, legar og sjukepleiarar med spesiell kompetanse innan anestesi, onkologi og palliasjon. Me gir råd og rettleiing til kreftpasientar som har ein  kreftsjukdom ein ikkje kan verte frisk av. Vi ynskjer at pasient og pårørande opplever best mogeleg livskvalitet. 
Les meir om Lindrande team Kristiansund

Lindrande team Kristiansund

Lindrande behandling er definert som aktiv behandling, pleie og omsorg for pasientar som har ein sjukdom ein ikkje blir frisk av.

Vi gir og råd, rettleiing og undervisning til helsepersonell i kommunane, knytt til kreftpasientar som blir utskrivne frå sjukehus. Lindrande team ynskjer å legge til rette for at pasienten får vere mest mogleg heime, eller så nær heimen som mogleg.

Vi vil samarbeide om god organisering av tenester som den enkelte pasient og pårørande har behov for. Vi arbeider for å styrke fagkunnskap hjå helsepersonell gjennom rådgjeving og undervisning. Teamet er eit bindeledd mellom sjukehuset og kommunane.

Kontakt

Oppmøtestad
Plan 0, inngang H ved Kristiansund sjukehus.
Telefon
71 12 23 78
Kristiansund sjukehus
Besøksadresse
Herman Døhlens vei 1(Google maps)
6508 Kristiansund
Telefon
71 12 00 00
Medisinsk nødtelefon 1 1 3

Praktisk informasjon

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon finn du på pasientreiser.no.

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Sjukehusapoteket i Kristiansund

Spisestader

​Kantina i 2. etasje er open for pasientar, pårørande og tilsette.

Kantina har følgjande opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 08.00 - 14.30
  • Helg og høgtid: stengt  

I tillegg kan du finne kiosk i 1. etasje ved Kristiansund sjukehus.

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.