Illustrasjonsbilde levande lys. Foto: Colourbox.com

Prestetenesta

Når du sjølv eller ein av dine nærmaste blir innlagt på sjukehus, kan det dukke opp tankar og følelsar som det kan vere godt å snakke med nokon om. Eller kanskje berre vere saman med nokon om. Sjukehuspresten er til for deg anten du er pasient eller pårørande.

Våre prestar/sjukehusdiakonar har brei kompetanse og lang erfaring i å møte menneske i sorg, uro og krise, og er ein integrert og naturlig del av sjukehuset sine ulike behandlingsmiljø.

Ein treng ikkje ha ei kristen eller religiøs tru for å snakke med presten. Sjukehusprestane respekterer menneske frå alle trus- og livssynssamfunn og formidlar gjerne kontakt med representantar for eit av desse om du ønskjer det.

Arbeidsoppgåver

Samtalane med pasientar og pårørande er noko av det viktigaste prestane gjer. Du bestemmer sjølv kva ein slik samtale skal handle om. Det kan vere om det som er vondt og vanskeleg i forhold til livet - sjukdom, behandling, smerter, angst, depresjonar, familiesituasjonen, tru og tvil. Og det kan vere om glede, takknemlegheit og gode ting!
Prestetenesta har både ei kyrkjeleg og ei mer allmenn side. Prestane er ordinerte i Den norske kyrkja og står til teneste med sjelesorg, forbøn, dåp, nattverd, vigsel, båreandakt og andre kyrkjelege handlingar.

I sjukehuset blir prestetenesta også nytta i kriser, i familiekommunikasjon, i tema knytt til etikk og verdiar, i tverrfagleg samarbeid, i personalarbeid og i undervisning.

Vi har ikkje eigne gudstenester i sjukehusa, men alle fire sjukehusa har kapell og samtalerom som står opne.
Prestane har teieplikt og skriv ikkje journal.

Våre medarbeidarar

Våre prestar/sjukehusdiakonar er ordinerte i Den norske kyrkje. Dei er universitetsutdanna med god kunnskap om kristen tru og andre religionar og livssyn. Alle har tilleggsutdanning knytt til samtale, sjelesorg og vegleiing og er fagpersonar innan områda etikk og verdiar, sorgbearbeiding og krisehandtering, ritual, tru og livssyn, samt dei krevjande tema omkring sjukdom og trugande død.

Sjukehusprestane/-diakon er tilgjengelege heile døgnet. Kontakt sjukehuset.

  • Sjukehusprest Håvard Ervik, Molde tlf 71 12 10 47
  • Sjukehusdiakon Toril E. K. Holm, Kristiansund  tlf 71 12 11 22
  • Sjukehusprest Odd Erling Vik Nordbrønd, Volda  tlf 70 05 84 20
  • Sjukehusprest Odd Arne Skogen, Ålesund  tlf 70 10 53 23

Søndagshelsing

  • Ver raus og skap fred…

    Matt 5: 38 - 48. Korleis hadde det vore å møte ein person som levde etter slike levereglar?? Kanskje han hadde vore litt lett å utnytte i starten – kanskje eg hadde blitt litt usikker på om han hadde nokre skjulte motiv ?  Han hadde i alle...

  • Hvile og krav

    «Vi bærer mange med oss» skriver Svein Ellingsen i en nattverdssalme.  Det er sant for oss alle. Det er dem som gikk foran og som er gått bort. Mennesker som har formet oss, vært forbilder, støttet i vanskelige tider, utfordret og inspirert...

  • Troen

    Herren har kunngjort for deg, menneske, hva godt er. Og hva krever Han av deg?  Bare at du gjør rett, viser trofast kjærlighet og vandrer ydmykt med din Gud. Mika 6,8.

  • Jakob Sande sin sjømannssong

    Alle Vestlendingar, samt dei langt fleste Sunnmøringar, kjenner til Jakob Sande. Som 12-åring sat han i heimekyrkja og strevde med å halde ut den lange preika til soknepresten høgt der oppe på stolen. For å korte tida skribla han ned fem li...

  • Jeg kjenner Salme 23. Men du kjenner hyrden!

    En historie fra siste krig gjorde inntrykk. Jeg glemmer den visst ikke. Det var gjort klart til fest på den amerikanske basen i Sør-England – kvelden før D-dagen, invasjonen i Normandi! Topp servering, topp underholdning! Så entrer en kjent...

  • Sjå – bli sett – og starte på nytt

    Bibelteksten er henta fra Johannes evangeliet kapitel 4. Det er eit lite utdrag fra ein lengre samtale mellom Jesus og ei samaritansk kvinne. Har du tilgang på heile teksten, så er den verd å lese – kanskje du kjenner den godt fra før ? Jes...

  • Tilfeldig?

    Dersom du legg fra deg Søndagsbrevet ei lita stund og tenker attende på livet ditt og alle vala du har tatt opp igjennom – små og store – kva var grunnlaget; bakgrunnen til det valet du tok – kvifor vart det slik ??

  • Den bortkomne sonen

    Ramma er herregarden med eigarfamilie og tenarstab, og sorga over ein son som hadde forlete dei: Tru om han var i live?

  • Din gledes bekk

    Hvor dyrebar er din kjærlighet, Gud! I skyggen av dine vinger søker menneskebarna ly. Du lar dem drikke av din gledes bekk. For hos deg er livets kilde, i ditt lys ser vi lys. (Salme 36)

  • Gleda ved å gjere det gode...

    Forteljinga om Den Miskunnsame Samaritanen.

  • Glede og Gud

    Eg får av og til brysame tankar: Ein av dei er denne: Gud ser og høyrer neppe meg i det heile teke. Slikt er jo berre ikkje mogeleg! Eg meiner fleire milliardar menneske!

  • Som eit lite barn

    Frå kyrkja sin dåpsliturgi. Vi høyrer om desse alvorlege, unge mennene rundt Jesus: Det kunne ikkje vere så farleg med desse små! Dei forstod ikkje noko likevel!

  • Apropos tilgivelsen…

  • Dele historier med kvarandre...

  • «Jeg burde ikke føle sånn…»

  • Mine tider...?

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.