Glede og Gud

Eg får av og til brysame tankar:
Ein av dei er denne: Gud ser og høyrer neppe meg i det heile teke. Slikt er jo berre ikkje mogeleg! Eg meiner fleire milliardar menneske!

​No visste vel ikkje Jesus at det skulle bli så mange menneske på Jorda. Men sjølv dei drygt 200 000 ein reknar med levde på hans tid, er ganske mange å halde kontakt med for ein person. Ja, for vi tenkjer oss vel Gud meir eller mindre som ein person! Vi skal jo vere skapte i Hans bilete alle saman!

Men så tenkjer eg litt vidare:
Korleis kan vi i det heile veta noko om Gud – person eller ikkje person?

Vi ser oss omkring og forstår at alt dette berre ikkje kan ha vore blitt til sånn heilt av seg sjølv, utan ei byrjing og utan styring og plan. Så ein Skapar lyt ha vore på ferde! Men ikkje ser vi Han og ikkje høyrer vi Han…

Det er Jesus som kjem med ord om Gud:
At Gud ser og høyrer sjølv dei minste små imellom oss!
Og meir:
Han leitar etter oss om vi er komne på avvege!
Og endå meir:
Han gler seg når Han finn oss!
Ja, det er ordet Jesus nyttar om Gud: Glede!
For Han vil ikkje at ein einaste av desse små skal gå tapt! Dei får berre klare seg åleine ei stund dei hine der oppe i fjellet!
Han set alt på spel for den einskilde!

Utan på noko vis å påstå at vi forstår Gud, trur vi Jesu ord om Guds kjærleik  og tanke med oss – sjølv med dei av oss som ikkje ruvar så mykje i samfunnet sånn til dagleg!
Og dette trur vi fordi det gir gjenklang i hjarte og samvit!
Og vi trur det fordi vi kjenner han som fortel!

I dag vil vi glede oss i vår kristne tru!

Jens T. Johnsen,
Sjukehusprest i Volda.


Nå er det morgen,

tåkene letter.

Fuglesang vekker livet på jord.

Takk, Gud, for sangen, dagen og lyset,

sannhetens kilde, som er ditt ord.

Skapelsens morgen, solen og vinden

stryker din nåde mykt mot mitt kinn.

Takk, Gud, for marken, skogen og gresset.

Nyfødt er jorden, dagen er min.

Jesus, du oppstod ren og forklaret,

langs våre stier har du din vei.

Vakker er jorden, mektig er håpet:

Alt skal fornyes herlig i deg.

Farjeon1931/Skeie 1980

 

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.