Guds rustning

Akkurat no er det eit fantastisk vêr. Ikkje ei sky, mange minusgrader og ein innbydande natur. Bildet av Volda sjukehus på framsida er frå ein slik dag.

Snøkledde fjelltoppar. Utsikt frå Volda sjukehus.
Utsikt frå Volda sjukehus.

I søndagens tekstar er det eit anna preg. Vi er i fastetida som i hovudsak handlar om Jesu vei mot Jerusalem og det som skal skje med han i påska. «Se, vi går opp mot Jerusalem» syng vi i ein salme. Vi har fokus på han som overvann det vonde, synden og døden. Ein tekst frå Markusevangeliet er søndagens evangelietekst (9,17.29). Der møter vi ein gut «som har ei ånd som gjer han stum», og vi les at han fell om og det skummar rundt munnen. Jesus kommanderer ånda ut, og guten vert bra att.

Det er ikkje så lett å fatte dette for oss i dag. Hadde guten epilepsi, eller hadde han psykiske plagar? Kva er dette med ånder og demonar?

Fastetida handlar også om oss, sjølv om vi i vår del av verda har lett for å leve som før. Eit sterkare fokus på kva Jesus gjorde for oss, og samstundes eit fokus på å leve rett.

Det vonde er vanskeleg å gripe. Men når vi ser på TV og i aviser, er det lett å sjå at det skjer mykje vondt. Menneske som lid i krig eller naturkatastrofar, ei jordklode som har pustevanskar. Og i oss sjølve, kva bur der? Paulus seier det så godt i Romarbrevet: Det gode som eg vil, det gjer eg ikkje, men det vonde som eg ikkje vil, det gjer eg.

Teksta frå Efesarbrevet 6, 10-18, er ei oppmoding om å gjere det gode, sjølv om vi kjempar mot eit mørke i oss og rundt oss. Her nyttar Paulus eit bilde om ein rustning som vi ikler oss. Då skal vi halde fram ord som sanning, rettferd, fred, tru, frelse, Ande og bøn.

Det handlar om å leve rett, og det handlar om å leve heilt.

Nedanfor er det ein bøn av Augustin, frå 300-talet, som kan gi oss retning i dette.

Odd Erling Vik Nordbrønd, sjukehusprest i Volda

Å, Herre, full av barmhjertighet,
jeg overgir meg selv til deg
som har gitt meg livets og tankens gaver.
Vær du min hvile under vandringen
og målet for min pilgrimsferd.
La min sjel finne sin tilflukt
for verdens uro og forvirring
i skyggen av dine vinger.
La mitt hjerte,
dette hav av rastløse bølger,
finne ro i deg.

Augustin


3.søndag i faste; Ef 6,10-18

Til sist: Bli sterke i Herren, i hans veldige kraft! Ta på dykk heile Guds rustning, så de kan stå fast mot djevelens listige åtak. For vår strid er ikkje mot kjøt og blod, men mot makter og herredøme, mot verdsens herskarar i dette mørkret, mot vondskapens åndehær i himmelrommet. Ta difor heile Guds rustning på, så de kan gjera motstand på den vonde dagen, vinna over alt og bli ståande. Så stå då fast: Spenn sanninga til belte om livet, ta rettferda til brynje, og snør fredens evangelium til skor på føtene, så de er klare til å gå. Lyft trua høgt til skjold i alt som hender! Med det kan de sløkkja alle brennande piler frå den vonde. Ta frelsa til hjelm, og grip Andens sverd, som er Guds ord. Gjer dette i bøn, og legg alt fram for Gud! Be alltid, i Anden! Vak og hald ut i bøn for alle dei heilage.



Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.