Herrens andlet lyse over deg!

Bildet viser ein liten flokk på veg mot toppen! Det er mange som i desse dagar nyttar naturen vi har å by på i Møre og Romsdal, m.a. til å gå på skiturar – og for nokre er det toppen som gjeld. For andre er det kanskje gode minner frå slike turar, eller at ein drøymar om at nye turar kan vere mogleg.

Folk følgjer skispor opp til ein fjelltopp
Foto: Colourbox.com

Teksten som vert nytta i gudstenestene denne helga handlar også om dette. Ikkje skitur akkurat, men Jesus og tre av disiplane er på ein topp. Ein reknar med at dette er fjellet Tabor rett ved Nasaret. Her er det ei ekstraordinær hending som disiplane får oppleve. Peter er begeistra. Han vil byggje hytter. Her vil han vere for alltid!

Men dei måtte tilbake til dalen, til livet dei levde der nede. Jesus sjølv visste at han hadde eit oppdrag om å dra til Jerusalem, der han skulle lide og døy – men også vinne over døden og det vonde. Søndagen har det merkelege namnet «Kristi forklåringsdag». Det handlar ikkje om å verte klok av ei forklaring. Det handlar om at disiplane såg Jesus i eit spesielt ljos. I ein annan liknande tekst (Matteus 17,1) står det at «Andletet hans skein som sola.» 

Velsigninga er noko vi blir møtt med i gudstenester eller i mindre samvær eller kanskje også i samtalar med kyrkjeleg tilsette. Den lyder:

Herren velsigne deg og vare deg.
Herren late sitt andlet lysa over deg og vere deg nådig.
Herren lyfte sitt åsyn på deg og gjeve deg fred.

Vi kan tenkje på Jesu andlet når vi møter velsigninga. I vår tekst er han særskild opplyst. Vi kan tenkje at han lyser for oss heile tida. Han gir lys i våre liv, og han gir lys i vårt mørke.


Odd Erling Vik Nordbrønd

Sjukehusprest i Volda

Kristi forklåringsdag; Mark 9,2-13

Seks dagar etter tok Jesus med seg Peter, Jakob og Johannes og førte dei opp på eit høgt fjell, der dei var åleine. Då vart han forvandla for auga deira, og kleda hans vart så skinande kvite at ingen som bleikjer klede her på jorda, kan få dei så kvite. Elia synte seg for dei saman med Moses, og dei snakka med Jesus. Då tok Peter til orde og sa til Jesus: «Rabbi, det er godt at vi er her. Lat oss byggja tre hytter, ei til deg, ei til Moses og ei til Elia.» Han visste ikkje kva han skulle seia, for dei vart så redde. Då kom det ei sky og la skugge over dei, og frå skya kom det ei røyst: «Dette er Son min, han som eg elskar. Høyr han!» Men best dei såg seg omkring, såg dei ingen annan enn Jesus; berre han var hos dei.

På vegen ned frå fjellet forbaud han dei å fortelja nokon kva dei hadde sett, før Menneskesonen hadde stått opp frå dei døde. Dei merka seg det ordet og diskuterte med kvarandre kva det er å stå opp frå dei døde. «Kvifor seier dei skriftlærde at først må Elia koma?» spurde dei. Jesus svara: «Elia kjem først og set alt i rett skikk. Kvifor står det så skrive om Menneskesonen at han skal lida mykje og bli vanvørd? Men eg seier dykk: Elia er alt komen, og dei gjorde med han som dei ville, slik det står skrive om han.»