Jakob Sande sin sjømannssong

Alle Vestlendingar, samt dei langt fleste Sunnmøringar, kjenner til Jakob Sande. Som 12-åring sat han i heimekyrkja og strevde med å halde ut den lange preika til soknepresten høgt der oppe på stolen. For å korte tida skribla han ned fem liner på rim, forma som ei bøn – hans første kjende dikt.

O Herre Gud!
Lad ei din tjener lenger
strække sin preken ud.
Nu er jeg mett av hans ord!
Jeg lenges hjem til mitt middagsbord!

Seinare kom ei mengd med dikt – mykje ulike i kvalitet, temperament og bodskap.  Her er sjømannsliv, bondedraumar og klassekamp, djevelskap og gudstru. Og engasjementet, heile tida like intens!

Eg har stansa opp ved eit dikt frå 50-talet – vakkert og nært. Og fullt av lengt! Men no, ikkje mest etter ‘middagsbordet’…

Kvar gong Jesu namn eg nemner
ser eg kvite segl mot sky
Høgt velsigna skuta stemner
mot Jerusalem det ny.
Ankre der, ankre der,
Høgt velsigna gå med landlov
gå med landlov høgt velsigna
Inn i livsens morgongry.

Kvar gong Jesu namn kjem til meg,
Kjenner eg hans broderhand,
Og eg veit at alt han vil meg
Er å lose meg i land
Til en stad, til den stad,
staden som på berget lyser
Høgt på berget, der han lyser
Mot den gylne himmelrand

Han skriv om ‘Jesu namn’ – som noko kjært og nært. Han ser Jesus som skipperen på livsskuta, ja, på heile kyrkjeskuta,  med dei kvite segla – på veg heim, ‘Jerusalem det ny’. Han lengtar etter hamna der – så annleis alle hamner han elles kjenner frå sitt mangeårige sjømannsliv. Å få ankre opp der, og så stige inn der – ‘gå med landlov inn i livsens morgongry’! Til ei ny begynning! Og Jesus sjølv gir han ‘broderhand’!

Så røper han i siste verset korleis ‘denne enkle sjømannssong’ ein gong blei hans – under ‘ei einsam vakt… i havsens våde’.  Heim, heim ville han! Frå alt dette framande. Ein gong få ankre opp, mønstre av og vere med Jesus i ‘evig landlov’ – ferdig med ‘sjø og strie stormar’  som det hadde vore så mykje av:

Namnet Jesus fullt av nåde,
denne enkle sjømannssong
Dikta er i havsens våde
på ei einsam vakt eingong
Rolling home, rolling home,
heim frå sjø og strie stormar
Mønstre av til evig landlov.
Mønstre av frå naud og trong!

Dette er ‘nåde’ for Jakob Sande! I og for seg så fullstendig ufortent. Dette er håp! Han skriv i bilete, men bileta hans talar og peikar tydelegare enn noka forklaring kunne gjere det. Lesaren ser føre seg diktaren sitt liv, kjenner seg att, og kan dele lengten og sjølv finne fred i håpet.

God Helg!
Jens T. Johnsen, Volda sjukehus.


VÅR FAR I HIMMELEN

Lat namnet ditt helgast
Lat riket ditt koma
Lat viljen din råda på jorda slik som i himmelen
Gjev oss i dag vårt daglege brød
og tilgjev oss vår skuld
slik vi òg tilgjev våre skuldnarar
Og lat oss ikkje koma i freisting
men frels oss frå det vonde
For riket er ditt og makta og æra i all æve!
AMEN!