Ver raus og skap fred…

Matt 5: 38 - 48. Korleis hadde det vore å møte ein person som levde etter slike levereglar?? Kanskje han hadde vore litt lett å utnytte i starten – kanskje eg hadde blitt litt usikker på om han hadde nokre skjulte motiv ?  Han hadde i alle fall ikkje vore lett å slåst imot; gjere noko vondt imot. Eg trur det hadde vore godt å vere i nærleiken av ein slik person  - og eg trur han hadde mange venner og få fiendar!

«De har høyrt det er sagt: Auga for auga og tann for tann. Men eg seier dykk: Set dykk ikkje imot den som gjer vondt mot dykk. Om nokon slår deg på høgre kinnet, så vend og det andre til. Vil nokon saksøkja deg og ta skjorta di, så lat han få kappa og. Tvingar nokon deg til å fylgja han ei mil, fylg han to. Gjev den som bed deg, og snu deg ikkje frå den som vil låna av deg.
De har høyrt det er sagt: Du skal elska nesten din og hata fienden din. Men eg seier dykk: Elska fiendane dykkar og bed for dei som forfylgjer dykk, så de kan vera born åt Far dykkar i himmelen. For han let si sol skina over vonde og gode, og let det regna over rettferdige og urettferdige. Om de elskar dei som elskar dykk, er det noko å løna dykk for ? Gjer ikkje tollarane det same ? Og om de helsar venleg på dykkar eigne, kva stort gjer de då ? Gjer ikkje heidningane det same ? Ver då heilhjarta og gode liksom Far dykkar i himmelen»
Matt 5: 38 - 48

Her på sjukehuset prøver vi å møte alle menneske likt. Vi prøver å sjå og møte den enkelte med respekt – og gi den hjelpa som er naudsynt. Her på sjukehuset skal ein kjenne at ein er tatt vare på – ein skal kjenne seg trygg og i gode hender. Det er våre ideal og verdier – slik vil vi møte folk og slik vil vi bli møtt.

Så er det slik at vi «møter oss sjølv ofte i døra» - og verdiane blir satt på prøve. For eksempel har både pasientane; pårørende og personalet ei fortid – og personer og situasjoner kan minne oss om erfaringar vi har fra før. Det kan vere så konkret som at du kjenner den andre – de har ei felles historie – de er ikkje ukjente – der er noko mellom dykk fra før. Og dette «noko» treng ikkje å vere positivt. Da er det ikkje alltid like lett verken å gi omsorg eller ta imot omsorg. Kanskje kan teksten hjelpe oss til å tenke igjennom situasjonen ein gong ekstra - og vere rause og slik skape fred – og gi muligheter for ei ny felles framtid ??

Herren velsigne deg og vare deg.
Herren la sitt andlet lysa over deg og vere deg nådig. Herren lyfte sitt åsyn på deg og gje deg fred.
Amen.

God søndag - med venleg helsing fra Odd Arne Skogen
Sjukehusprest i Ålesund

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.