Stråleterapi

Stråleterapieininga har to moderne behandlingsmaskiner. Vi gir strålebehandling til dei aller fleste pasientgrupper. Strålebehandlinga vert planlagt og gjennomført i eit tverrfagleg samarbeid mellom lege, medisinsk fysikar og stråleterapeut. I tillegg har vi ingeniørar som sørgjer for at det tekniske utstyret fungerer etter føreskriftene og sekretærar som tek imot deg når du kjem.

 

Les meir om Stråleterapi

Stråleterapi

Vi gir strålebehandling ved:

  • Brystkreft
  • Prostatakreft
  • Lungekreft
  • Hjernesvulst
  • Endetarmskreft
  • Lindrande behandling

Velkommen til stråleterapiseksjonen ved Ålesund sjukehus from Helse Møre og Romsdal on Vimeo.

 

De er landets beste stråleterapiavdeling from Helse Møre og Romsdal on Vimeo.

Kontakt

Oppmøtestad
Stråleterapieininga finn du i første etasjen på kreftavdelinga.
Telefon
70 10 69 00
Ålesund sjukehus
Besøksadresse
Åsehaugen 5(Google maps)
Telefon
70 10 50 00
Medisinsk nødtelefon 1 1 3

Praktisk informasjon

Betaling

​Det kostar ingenting for sjølve strålebehandlinga, men det er ein eigenandel når du treff lege i samband med strålebehandling. Dette gjeld ikkje dersom du har frikort. Du kan betale med kort eller få med deg ein giro. Om du ønskjer å betale kontant, må du gjere det ved informasjonen ved hovudinngangen på sjukehuset.

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Opningstider

​Vi har opent kvardagar kl 08:00 - 15:30

Parkering

​​Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet. Betaling pr. time kontant eller bankkort.

Kart over sjukehusområdet, inkludert informasjon om parkering.

Biletet er klikkbart og gir større versjon (pdf).

 

Pasienthotellet

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Pusterommet - Treningstilbod

​Eit trenings- og aktivitetsrom for kreftpasientar.

Aktiv mot kreft jobbar for for å få fysisk aktivitet inn som ein del av behandlinga.

Pusterommet er eit trenings- og aktivitetssenter som tilbyr tilpassa fysisk aktivitet til kreftpasientar under og etter behandling. Det er også ein møteplass og sosial arena for pasientar i same situasjon.

Dei ansatte du møter på Pusterommet har spesialkompetanse innan fysisk aktivitet og kreft.

Du kan delta i gruppetrening og/eller få individuelt tilrettelagt treningsprogram.

Les om opninga av pusterommet

Sjå også filmen frå opninga av pusterommet: 

 

 

Pårørande

​Om du ønskjer kan du ha med deg pårørande til behandlinga. Barn og unge synest ofte det er betryggande å vite kva som skjer under strålebehandlinga. Familie forøvrig og vener er sjølvsagt også hjarteleg velkomne til å vere med.

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon finn du på pasientreiser.no.

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Sjukehusapoteket i Ålesund

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.

Arrangement