Dialyseseksjonen Ålesund

Hit kjem pasientar med nyresvikt som har behov for dialyse.

Les meir om Dialyseseksjonen Ålesund

Dialyseseksjonen Ålesund

Dialyse:

Nyrespesialistane i Helse Møre og Romsdal samarbeider tett, det er også tett samarbeid med dialyseavdelingane i Kristiansund, Molde og Volda. Dei fleste pasientane i fylket startar med dialysebehandling i Ålesund. Målet er at alle får dialysebehandling så nære heimstaden som mogleg. Ei dialysebehandling tar om lag fire timar, og dei fleste som går i dialyse har behov for å få behandlinga tre gonger i veka. Sjukepleiarane på dialysen har spesialkompetanse og vidareutdanning i nyresjukdommar, har lang erfaring, og pasienten i fokus. Sjukepleiarane på dialysen samarbeider tett med nefrologane (nyrespesialistar). På hemodialyseavdelinga er det plass til 18 pasientar.

For å få hemodialysebehandling (HD), treng man ein blodtilgang. Dette kan vere ein AV-fistel (arteriovenøs fistel) eller eit dialysekateter. Dette er eit inngrep som treng innleggelse i Ålesund sjukehus. 

Peritonealdialyse (PD)

Nyreseksjonen i Ålesund har ansvar for alle pasientar i heile Møre og Romsdal når det gjelder peritonealdialyse (posedialyse, PD). Dette er ei dialyseform pasienten sjølv kan utføre heime, eventuelt med hjelp av heimesjukepleiar. For å kunne få peritonealdialyse trenger man eit PD-kateter. Dette er eit inngrep som krever innleggelse ved Ålesund sjukehus. Nyreseksjonen i Ålesund er ansvarleg for opplæring og oppfølging av desse pasientane. PD-sjukepleiarar er tilgjengelege via telefon alle dagar.

Pasientar som skal utredast for nyre-/og eller bukspyttkjerteltransplantasjon (recipientutredes), blir innlagt på nyremedisinsk sengepost (Medisin 2). Det legges opp til at transplantasjonsutredninga, som består av ulike undersøkingar og samtaler, skal kunne gjennomførast i løpet av 1 veke.

 

For meir informasjon om dialyse kan du sjå filmen under.
 

Dialyse from Helse Møre og Romsdal on Vimeo.

Kontakt

Oppmøtestad
4. etasje i mellomblokka, inngang frå høgblokka.
Telefon
70 10 63 20
måndag08:00 - 21:00
tysdag08:00 - 15:30
onsdag08:00 - 21:00
torsdag08:00 - 15:30
fredag08:00 - 21:00
laurdag08:00 - 15:30

Ålesund sjukehus

Besøksadresse
Åsehaugen 5(Google maps)
Telefon
70 10 50 00
Medisinsk nødtelefon 1 1 3

Praktisk informasjon

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

Parkering

​​Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet. Betaling pr. time kontant eller bankkort.

Kart over sjukehusområdet, inkludert informasjon om parkering.

Biletet er klikkbart og gir større versjon (pdf).

 

Pasienthotellet

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon finn du på pasientreiser.no.

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Sjukehusapoteket i Ålesund

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.

Poliklinikk for nyresjukdommar Ålesundhttps://helse-mr.no/avdelinger/klinikk-for-medisin/medisinsk-avdeling-alesund/dialyseseksjonen-alesund/poliklinikk-for-nyresjukdommar-alesundPoliklinikk for nyresjukdommar Ålesund