Poliklinikk for mage/tarmsjukdommar Ålesund

Til poliklinikken kjem pasientar som treng utgreiing og behandling av sjukdommar i lever, bukspyttkjertel, gallevegar og mage- og tarmsystemet.

Vi undersøkjer og behandlar deg som har:
Betennelsestilstand i mage/tarmkanalen
Magesmerter
Diaré
Blødning fra mage-/tarmkanalen
Leversjukdommar (for eksempel hepatitt/gulsott)

I tillegg til undersøkingar er samtaler mellom lege og pasient ein vesentleg del av utgreiingsprosessen.
Les meir om Poliklinikk for mage/tarmsjukdommar Ålesund

Poliklinikk for mage/tarmsjukdommar Ålesund

Vi tek imot pasientar som blir tilvist frå primærhelsetenesta, privatpraktiserande spesialistar og frå andre avdelingar ved sjukehuset.

Betaling

Pasientar betalar eigendel for undersøkingar og behandlingar ved poliklinikken. Unntaket gjeld dei med frikort. I luka ved poliklinikken kan ein betale med bankkort eller få med seg ein giro. Dersom du ønskjer å betale kontant kan du gjere det i informasjonen ved hovudinngangen til sjukehuset.

Diverse prøver vi tar ved poliklinikken vår

Gastroskopi

Med gastroskopi undersøkjer ein spiserøyret, magesekken og tolvfingertarmen. Føremålet med gastroskopi er å påvise sjukdommar i spiserøyret, magesekken og tolvfingertarmen, til dømes betennelse eller sår.

Kolonoskopi

Med kolonoskopi undersøkjer ein hovudsakleg tjukktarmen. Føremålet med kolonoskopi er å påvise sjukdom i tjukktarmen, til dømes betennelse. Vi kan ta vevsprøvar frå slimhinna, og utføre behandling.

Kontakt

Oppmøtestad

Poliklinikk for mage- og tarmsjukdommar er lokalisert i 4. etasje i lågblokka, på nordsida av sjukehuset. Gå til poliklinikkane, inngang nord og følg den grøne streken på veggen.

Besøkstider
måndagkl. 08.00 - 16.00
tysdagkl. 08.00 - 16.00
onsdagkl. 08.00 - 16.00
torsdagkl. 08.00 - 16.00
fredagkl. 08.00 - 16.00
laurdagStengt
sundagStengt
Telefon
70 10 58 40
måndag08:00 - 16:00
tysdag08:00 - 16:00
onsdag08:00 - 16:00
torsdag08:00 - 16:00
fredag08:00 - 16:00

Ålesund sjukehus

Besøksadresse
Åsehaugen 5(Google maps)
Telefon
70 10 50 00
Medisinsk nødtelefon 1 1 3

Praktisk informasjon

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

Parkering

​​Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet. Betaling pr. time kontant eller bankkort.

Kart over sjukehusområdet, inkludert informasjon om parkering.

Biletet er klikkbart og gir større versjon (pdf).

 

Pasienthotellet

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Presetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Presetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon finn du på pasientreiser.no.

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Sjukehusapoteket i Ålesund

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.

Gastroskopi, Ålesundhttps://helse-mr.no/behandlinger/gastroskopi-alesundGastroskopi, ÅlesundGGastroskopiGastroskopiGastroskopiGastroskopi
Koloskopi, Ålesundhttps://helse-mr.no/behandlinger/koloskopi-alesundKoloskopi, ÅlesundKKoloskopiKoloskopiKoloskopiKoloskopi
Mage-tarmundersøkelse med 24 timers pH- og trykkmåling i spiserøret.https://helse-mr.no/behandlinger/mage-tarmundersokelse-med-24-timers-ph-og-trykkmaling-i-spiseroretMage-tarmundersøkelse med 24 timers pH- og trykkmåling i spiserøret.MMage-tarmundersøkelse med 24 timers pH- og trykkmåling i spiserøretMage-tarmundersøkelse med 24 timers pH- og trykkmåling i spiserøretMage-tarmundersøkelse med 24 timers pH- og trykkmåling i spiserøretMage-tarmundersøkelse med 24 timers pH- og trykkmåling i spiserøret

Arrangement