Medisinsk avdeling Volda

Vi tilbyr diagnostikk, behandling og pleie til pasientar med indremedisinske sjukdommar.  Medisinsk avdeling i Volda bestend av ein medisinsk sengepost, medisinsk poliklinikk, medisinsk intensiv og dialyse.


Les meir om Medisinsk avdeling Volda

Medisinsk avdeling Volda

Vi har spesialistar innanfor følgjande områder

  • Hjertesjukdommar
  • Diabetes og stoffskiftesjukdommar
  • Lungesjukdommar
  • Mage- og tarmsjukdommar
  • Blodsjukdommar- og medisinsk kreftbehandlingar
  • Nyresjukdommar og dialyse
  • Alderssjukdommar (geriatri)
  • Slag


 

Visittid for besøkende: Kl. 14.00 - 19.00.  Besøk utanom desse tidene må avtalast med personalet. Vi ber om at tiden blir overholdt av hensyn til medpasientar.
 

Kontaktperson blant pårørande 

For å kommunisere godt med dine pårørande ber vi om de blir einige om ein person som vi kan ha kontakt med. Vi anbefaler at pårørande ringer oss mellom klokka 12:00 og 14:00. Då skal vi vere tilgjengelege og gi best mogeleg informasjon. Pårørande kan også vere med på legevisitten, dersom du synest det er greitt.  

 

Medisinar

Det er viktig at du tar med deg ei oppdatert medisinliste, med oversikt over kva medisinar du brukar.

 

Personlige eigendelar

Ta med behagelege klede, innesko og toalettsaker. Sjukehuset tek ikkje ansvar for pengar og verdisaker du har med.


 

Permisjonar

Dersom du går ut av avdelinga må du på førehånd avtale dette med pleiepersonalet. Om du ønsker det, og behandlande lege tillet det, kan du får permisjonar over kortare tidsrom. Transportutgifter i samband med permisjonar må du dekke sjølv.


 

Kontakt

Besøkstider
måndagKl. 14.00 - 19.00.
tysdagKl. 14.00 - 19.00
onsdagKl. 14.00 - 19.00
torsdagKl. 14.00 - 19.00
fredagKl. 14.00 - 19.00
laurdagKl. 14.00 - 19.00
sundagKl. 14.00 - 19.00
Telefon
70 05 83 63 medisinsk avdeling, 70 05 82 00 sentralbord.
E-post

Volda sjukehus

Besøksadresse
Kløvertunvegen 1(Google maps)
Telefon
70 05 82 00
Medisinsk nødtelefon 1 1 3

Praktisk informasjon

Besøkstid Volda sjukehus

Besøkstida er kl. 14:00 - 19:00. Vi oppmodar besøkjande om å ta kontakt med den aktuelle avdelinga før besøket. 

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

Parkering

​​​​​Du kan parkere på anviste plassar utanfor sjukehuset


 

Pasienttelefon

​Pasienttelefon

På avdelingane er det telefonar ved alle sengene. Det er også telefonautomatar i alle etasjar.

 

Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Presetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Presetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon finn du på pasientreiser.no.

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Spisestader

​Kantina i underetasjen er open for pasientar, pårørande og tilsette. Vi har middagsservering kvar dag frå kl 12.00 - 16.00 i tillegg til litt kioskvarer, krigler, kaker og påsmurt brødmat. Vi har også pålegg og brødmat som du kan smøre sjølv.

Kantina har følgjande opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 08.00 - 16.00
  • Laurdag og søndag: kl 12.00 - 16.00

 

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.

Gastroskopi, Voldahttps://helse-mr.no/behandlinger/gastroskopi-voldaGastroskopi, VoldaGGastroskopiGastroskopiGastroskopiGastroskopi
Koloskopi, Voldahttps://helse-mr.no/behandlinger/koloskopi-voldaKoloskopi, VoldaKKoloskopiKoloskopiKoloskopiKoloskopi
KOLS, Voldahttps://helse-mr.no/behandlinger/kols-voldaKOLS, VoldaKKolsKolsKolsKols
Spirometri Voldahttps://helse-mr.no/behandlinger/spirometri-voldaSpirometri VoldaSSpirometriSpirometriSpirometriSpirometri

Medisinsk poliklinikk Voldahttps://helse-mr.no/avdelinger/klinikk-for-medisin/medisinsk-avdeling-volda/medisinsk-poliklinikk-voldaMedisinsk poliklinikk Volda