Målsetting for utdanninga:
Målsettinga f or utdanninga er å gje deltakarane ei innføring i ambulanseoperativt emner. Deltakarane skal få forståing for kva ulike typar oppdrag ambulansepersonellet kan bli ståande ovanfor og vidare kunne bedømme risiko og sikre seg sjølv i forhold til dette. Elevane skal kunne leie og organisere ulike hendingar og vere i stand til å samarbeide med andre etatar.
Organisering og gjennomføring av ambulanseoperativ utdanning:
Kurset er på til saman 75 timer kor 50 timar er teori med klasseromsundervisning, gruppearbeid og innlevering av sjølvstendig arbeidsoppgåver. Arbeidsoppgåvene løses før samling og evalueres av veiledar. (Oppgåvene sendes ut ca. 14 dagar før samlinga).
Samlinga arrangerast over seks påfølgjande dagar og inneheld 25 timar praktiske øvingar. Desse øvingane gjennomførast ute og inneberer brannvern, frigjering frå bilvrak, vann- og tauredning, scenariotrening. Det vil utelukkande anvendes instruktørar med god kunnskap og erfaring frå dei aktuelle emna.
Ambulanseoperativt kurs inneheld følgjande emne:
- Aktuelle lover og forskrifter som berører ambulansetenesta
- Internkontroll og kvalitetssikring
- Redningstenestens oppbygging - skadestadslære
- GPS/Locus/Kartverk og orientering
- Nødnett
- Debrifing i det daglige, - og etter større hendingar (Stress- og krisehåndtering)
- Leiarrolla - situasjonsbestemt leiing
- OLH - strategi og taktikk i dei ulike fasar av innsatsen
- Ambulanseoppdrag med auka risiko
- Politi og brannvesenets oppgåver
- Frigjeringsprinsipper
- Brannsløkking
- Evakueringsprinsipp

Kursdeltakarane får lære og øve eit bredt spekter av ferdigheter. Her lærer de om knutar og tausikring av Øivind Kleppe.

Fagutviklar Bjørn Julbø gir kyndig veiledning i bruk av strekkspjelk.

Kursdeltakarane får øve på frigjøring av pasientar frå bilvrak. Øvingane vart gjort i samarbeid med Rauma Brannvesen.

Navigering og kartforståing er ein viktig del av det ambulanseoperative arbeidet. Her trener kursdeltakarane nettopp på dette.

Instruktør Konrad Sandvik gir rettleiing til kursdeltakarane på eine posten.

Kursdeltakarane disponerer reservekøyretøy under kurset. Hensikta er at dei skal få øve så nær opp til verkelegheita som mogleg. Fagutvikler Bjørn Julbø gir her rettleiing i etterkant av ei øving.