Ambulanse avdeling Sunnmøre

Kontakt

Telefon
72 82 16 10
måndag - fredag 08:00 - 14:00

Utlisting av artikler og nyheter

Praktisk informasjon

Følgje av legevaktslege i ambulansen

Kostnadar for legen si deltaking i utrykningar med ambulanse blir dekt av helseføretaket, Helseøkonomiforvaltningen (HELFO) eller den enkelte kommune. ​Legen må sjølv i kvart enkelt tilfelle rette krav til den enkelte eininga.

Eksempel:

  • Utrykning frå legekontor/legevakt med ambulanse kl 12:20. Framme hos pasient kl 12:35. Totalt 15 minutt. Bruk takst 21D/K, blir dekka av helseføretaket.
  • Undersøking av pasient kl 12:35 - 12:50. Takst for sjukebesøk/konsultasjon, vert dekt av HELFO.
  • Følgje i ambulanse kl 12:50 - 13:20. Totalt 30 minutt. Bruk takst 22AD/AK, blir dekka av helseføretaket.
  • Returreise til legekontor/legevakt kl 13:20 - 13:50. Totalt 30 minutt. Bruk takst 22BD/BK, vert dekka av helseforetaket.

Dersom det er brukt drosje fram til pasienten eller tilbake til legekontoret, skal kostnadane dekkast av kommunen. Helseforetaket dekkjer reisetid utifrå takst.

Desse skjemaa må du fylle ut for å få dekka kostnadane dine

  1. Skjema for rekningar til ambulansetenesta (helseforetaket)
  2. Vurderingsskjema for næringsdrivende, på side to finn du rettleiing til skjemaet.

Sjølvstendige næringsdrivande må legge inn organisasjonsnummeret sitt i skjemaet, og i tillegg sende oss faktura. Legar som ikkje har tilknytning til ei verksemd med org.nr. (f.eks turnuslegar), kan i staden føre opp namn og personnr/f.nr, samt privatadresse og kontonummer.

Ufullstendig utfylte rekningar vert returnert.

Regelverk HELFO

For informasjon om regelverket sjå HELFO sine sider.

Forskrift om stønad til dekning av utgifter til undersøkelse og behandling hos lege - sjå Lovdata sine sider.

 

Jobbe hos oss

​Urbant, men landleg, fjord og fjell, frå hav til innland.

Geiranger.jpg 

Er du av den eventyrlystne ambulansearbeidaren som søkjer fart og spenning også på fritida, ja då er Møre og Romsdal plassen for deg!

 Ambulanse trollstigen.jpg

 


 

Her er det moglegheiter heile året, anten du likar skikøyring om vinteren, eller fjellklatring, toppturar, høgfjellsvandring eller sjøsport om sommaren. Liker du den urbane livsstilen, dekkjer bysentruma i fylket alle dine behov! 

 

I Møre og Romsdal er det årlege kulturelle arrangement med eksempelvis Jugend- og Giskefestivalen på Sunnmøre, Moldejazz og Fjellsportfestivalen i Rauma i Nordmøre og Romsdal. 

 

 

solnedgang.jpg
 

Ambulansetenesta i Møre og Romsdal søkjer ambulansearbeidar til ledige stillingar. Vi satsar på ei kvalitativ god teneste med di erfaring. Er du kvalifisert for å jobbe i ambulansetenesta og interessert i å jobbe hos oss kan du ta kontakt. ​

Parkering

​​​​Du kan parkere utanfor Lerstadveien 519 på oppmerka plassar.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.