Klinikk for psykisk helsevern

Psykiatri tyder: "Læra om psykiske sjukdommar og behandlinga av dei". Vi behandlar alle typar psykiske sjukdommar som for eksempel angstproblem, stemningslidingar, psykosar, personlegdomsforstyrringar, posttraumatiske stresslidingar, spiseforstyrringar, alderspsykiatriske lidingar, rusproblem, speleavhengigheit, krisereaksjonar og tilpassingsproblem. Normalt er den nedre aldersgrensa for behandling hos oss 18 år. 

Les meir om Klinikk for psykisk helsevern

Klinikk for psykisk helsevern

Klinikk for psykisk helsevern (KPH) yter tenester til innbyggjarane i Møre og Romsdal. Klinikken er delt inn i 4 avdelingar som organiserer i alt 22 seksjonar. Disse ligg i Volda, Larsnes, Vegsund, Ålesund, Sjøholt, Molde, Hjelset, Kristiansund og Halsa. Habiliteringstenester for vaksne er organisert som eigne seksjonar innan KPH.

Undersøking og behandling.
Undersøking og behandling skjer poliklinisk eller ved innlegging. KPH - klinikk for psykisk helsevern - gir på sjukehusnivå spesialiserte tenester innafor akuttpsykiatri, utgreiing, rehabilitering og alderspsykiatri. I tillegg yter vi eit spekter av spesialisttenester ved KPH sine fem DPS - distrikstspsykiatriske senter - i Volda, Vegsund, Sjøholt, Kristiansund og i Molde både poliklinisk og ved innlegging.
Til vanleg skjer behandlinga ved dei distriktspsykiatriske sentra i den eininga som ligg nærast pasienten sin heimstad. Dette på grunnlag av eit grunnleggjande prinsipp om at behandlinga i minst mogleg grad skal verke inn på integriteten og kvardagslivet til pasienten. Men når innlegging på sjukehus er nødvendig, får pasienten tilbod ved den eininga som har spesiell kompetanse på den aktuelle lidinga.
Behandling av psykisk sjukdom er som klinisk vitskap evidensbasert. Vi nyttar medisinske, psykologiske og sosiale tilnærmingsformer.

Kvar skjer behandlinga?
Behandlinga av psykiske lidingar går føre seg både ved dei fem distriktspsykiatriske sentra våre og ved innlegging i ei av dei psykiatriske sjukehusseksjonane våre i Ålesund eller Molde/Hjelset. Det er også etablert ulike ambulante team som kan hjelpe kommunehelsetenesta og støtte pasientgrupper som treng samansette tenester.

Korleis går behandlinga føre seg?
Spesialisthelsetenesta skal ha fagleg kompetanse på spesialistnivå innafor ulike valide og standariserte behandlingsmetodar, og nyttar seg både av individuell tilnærming, grupper og familie/ nettverkstilnærming. Vi har eit breitt fagleg samarbeid med kommunane med faste samarbeidsmøte og i konkrete enkeltsaker.

Kontakt

Telefon
71 12 00 00 / 70 10 50 00
måndag0800-1600
tysdag0800-1600
onsdag0800-1600
torsdag0800-1600
fredag0800-1600
Sentralbord Nordmøre og Romsdal/Sunnmøre og gjeld kontakt med klinikkleiinga. Ta elles kontakt med dei ulike seksjonane.
E-post
Postadresse

Helse Møre og Romsdal HF
Administrasjon, klinikk for psykisk helsevern
Postboks 1600
6026 Ålesund

Depresjon hos vaksnehttps://helse-mr.no/behandlinger/depresjon-hos-vaksneDepresjon hos vaksneDDepresjon hos voksneDepresjon hos voksneDepresjon hos voksneDepresjon hos voksne
Medikamentfri behandling, psykisk helsevernhttps://helse-mr.no/behandlinger/medikamentfri-behandling-psykisk-helsevernMedikamentfri behandling, psykisk helsevernMMedisinfri behandling psykisk helsevern - Helse MidtMedisinfri behandling psykisk helsevernMedisinfri behandling psykisk helsevern - Helse MidtMedisinfri behandling psykisk helsevern - Helse Midt

Avdeling for alderspsykiatri og vaksenhabiliteringhttps://helse-mr.no/avdelinger/klinikk-for-psykisk-helsevern/avdeling-alderspsykiatri-og-vaksenhabiliteringAvdeling for alderspsykiatri og vaksenhabilitering
Avdeling for distriktspsykiatriske senter i Nordmøre og Romsdalhttps://helse-mr.no/avdelinger/klinikk-for-psykisk-helsevern/avdeling-dps-nordmore-og-romsdalAvdeling for distriktspsykiatriske senter i Nordmøre og Romsdal
Avdeling for distriktspsykiatriske senter Sunnmørehttps://helse-mr.no/avdelinger/klinikk-for-psykisk-helsevern/avdeling-dps-sunnmoreAvdeling for distriktspsykiatriske senter Sunnmøre
Avdeling for sjukehuspsykiatrihttps://helse-mr.no/avdelinger/klinikk-for-psykisk-helsevern/avdeling-sjukehuspsykiatriAvdeling for sjukehuspsykiatri