Alderspsykiatrisk seksjon Sunnmøre

Alderspsykiatrisk seksjon gir spesialisttenester til personar over 65 år med psykiatriske lidingar, og til dei som treng utgreiing og behandling ved spørsmål om demens.

Les meir om Alderspsykiatrisk seksjon Sunnmøre

Alderspsykiatrisk seksjon Sunnmøre

Korleis søke til alderspyskiatrisk seksjon?

  • Søknad frå fastlege eller tilsynslege i opptaksområdet.
  • Vidare tilvising frå mottaksseksjonen ved vaksenpsykiatrisk avdeling.
  • Søknad frå annan instans innan spesialisthelsetenesta på Sunnmøre.

 Poliklinikken og sengeposten har felles inntaksmøte ein gong i veka. 

Kjerneoppgåver

  • Observasjon
  • Utgreiing
  • Behandling

 

Målgruppe

  • Menneske med omfattande utfordringar i sin demenssjukdom og/eller omfattande psykiatrisk symptomatologi. Alder er av mindre relevans.
  • Pasientar med alvorleg psykiatrisk liding med debut etter 65 år.
  • Pasientar over 65 år med alvorleg psykiatrisk liding, tidlegare sjuk, men ingen fast behandlingskontakt i vaksenpsykiatrien, eller når andre sjukdomar og/eller høg alder gjer alderspsykiatrien tenleg.
  • Pasientar med uklar demensdiagnose, der alderspsykiatrien rår over ressursar til å utgreie desse.


 

Vi handterer lidingar som til dømes:

  • alderspsykiatriske lidingar
  • angstlidingar
  • stemningslidingar
  • psykosar
  • personlegdomsforstyrringar
  • posttraumatiske stresslidingar
  • spiseforstyrringar
  • rusproblem
  • krisereaksjonar
  • tilpassingsforstyrringar


 

Hovudmål for utgreiing

Kartlegge ressursar og problemområde, og finne rette omsorgsnivået for pasienten. Godt samarbeid med pårørande, primærhelsetenesta og spesialisthelsetenesta.
 

Hovudmål for behandling

Lækje, betre og lindre psykiske og fysiske lidingar. Avhjelpe sosiale problem. Ta omsyn til pasienten sine eksistensielle behov.

Alderspsykiatrisk poliklinikk

Poliklinikken er open måndag - fredag kl 0800-1530.

Arbeidsmetodar i poliklinikken

  • Individuell behandling/terapi.
  • Familie-/systemperspektiv ved demensutvikling, avhengig av nærståande personar.
  • Behandling ved å følgje opp familie.
  • Behandling ved kontakt med omsorgspersonar.
  • Rettleiing.
  • Poliklinikk i eigne lokale.
  • Ambulant verksemd.

Alderspsykiatrisk sengepost

Sengeposten har 8 sengeplassar til saman, og vi legg vekt på fleksibel bruk av desse overfor dei ulike målgruppene. Opphaldslengda er 4-12 veker, kortare opphald blir vurdert ved krise/hast der problemet er kjent frå før. Vi gir råd og rettleiing til andre sengepostar i føretaket der det er føremålstenleg å bruke alderspsykiatrien sine ressursar. Vi kan ikkje gi strakshjelp, men skal ha ambulerande funksjon der det er nyttig.

Kontakt

Oppmøtestad
Alderspsykiatrisk seksjon er lokalisert vest for dei andre psykiatriske sjukehusseksjonane ved Ålesund sjukehus. Inngang B i psykiatribygget. Alderspsykiatrisk sengepost held til i 1. etasje og alderspsykiatrisk poliklinikk i 2. etasje.
Telefon
70 16 74 00
Personopplysingar må ikkje sendast via e-post.
E-post
Ålesund sjukehus
Besøksadresse
Åsehaugen 5(Google maps)
Telefon
70 10 50 00
Medisinsk nødtelefon 1 1 3

Praktisk informasjon

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Parkering

​​Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet. Betaling pr. time kontant eller bankkort.

Kart over sjukehusområdet, inkludert informasjon om parkering.

Biletet er klikkbart og gir større versjon (pdf).

 

Pasienthotellet

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon finn du på pasientreiser.no.

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Sjukehusapoteket i Ålesund

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.