Seksjon for vaksenhabilitering Nordmøre og Romsdal

Seksjonen gir eit tverrfagleg spesialisttilbod innan habilitering, til pasientar over 18 år med komplekse og samansette funksjonshemmingar knytt til medfødde eller tidleg erverva nevrologiske og nevropsykiatriske lidingar, gjennomgripande utviklingsforstyrringar og genetisk betinga tilstander.
Døme på dette er: autisme, asperger syndrom, cerebral parese, ulike genetiske syndrom, utviklingshemming, multifunksjonhemming.

Les meir om Seksjon for vaksenhabilitering Nordmøre og Romsdal

Seksjon for vaksenhabilitering Nordmøre og Romsdal

Våre tenester

  • Diagnostisering og tverrfaglig utgreiing/funksjonskartlegging og behandling etter behov
  • Direkte oppfølging og rettleiing i pasienten sitt nærmiljø
  • Kurs/opplæring til pasient, pårørande eller samarbeidspartnarar i førstelinetenesten
  • Psykoedukative gruppetilbod

Seksjon for vaksenhabilitering skal bistå kommunane ved utforming og gjennomføring av tiltak der ein nytter tvang og makt overfor enkelte personar med utviklingshemning etter «Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m.» kapittel 9. 

Vaksenhabilitering har eit nært samarbeid med seksjon for barnehabilitering, nevrologisk avdeling og psykiatriske seksjonar i helseforetaket.

Faggrupper

Barnevernspedagog, ergoterapeut, fysioterapeut, lege, psykolog, sexolog, sosionom,  spesialpedagog, vernepleier, familieterapeut, sekretær

Tilvising

Primært er det fastlegen, eventuelt i samarbeid med førstelinetenesten, som tilviser. Det er viktig at tilvisinga inneheld sentral informasjon slik at vi kan gjere ei god vurdering. Medikamentoversikt, epikriser frå tidlegare utgreiingar, tidlegare og noverande sjukehistorie er viktig. Habilitering omfattar ofte både individ- og miljøretta tiltak, og vil involvere mange samarbeidspartar. Før tilvising blir sendt, bør ein drøfte problematikken med aktuelle samarbeidsinstansar lokalt, for eksempel i ansvarsgruppe eller med kommunal koordinator.

For at vi skal kunne hjelpe best mogleg ber vi deg som pasient om løyve til å innhente informasjon frå andre instansar.

Ventetid

Vi har faste inntaksmøte og vurdering skal skje innan 10 arbeidsdagar frå vi har mottatt tilvisinga. Dette blir vurdert individuelt og prioritert ut frå «Prioriteringsveileder – habilitering av voksne i spesialisthelsetjenesten». Som hovudregel får ein time i første brev.

Er det spørsmål om rutinar ved tilvising, arbeidsform eller kva slag tilbod tenesta kan gi , ta gjerne kontakte med oss.

Kontakt

Oppmøtestad

Voksenhabilitering er lokalisert i Bjørnstjerne Bjørnsonsveg  45-47 som ligg på nedsida av Molde sjukehus. Bygninga er skilta med  «Seksjon for vaksenhabilitering».

Telefon
71 12 31 00
E-post til seksjonsleder Hilde Husby
E-post

Praktisk informasjon

Besøkstid Molde sjukehus

Besøkstidene er på dei fleste avdelingene kl. 14:30 - 15:30 og kl. 19:00 - 19:30. Vi vil oppmode besøkjande om å ta kontakt med den aktuelle avdelinga før pasientbesøket.

Har du andre spørsmål om besøkstider, kontakt den sengeposten det gjeld eller Helse Møre og Romsdal sitt sentralbord, tlf. 71 12 00 00

 

Busstopp

​Det går buss to gonger i timen frå Molde sentrum som stoppar ved sjukehuset. Ved retur til sentrum kan du og ta buss rett utanfor vårt lokale eller frå Molde sjukehus.

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

Parkering

​Parkeringa som er nærast seksjonen finn du rett utanfor inngangen. Det er ingen parkeringsavgift, men du må hente eit parkeringsbevis i ekspedisjonen vår i 2. etasje.

Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon finn du på pasientreiser.no.

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Saksansvarleg

​Du får tildelt ein saksansvarleg som har hovudansvaret for vidare oppfølging i habiliteringstenesta.

Samtykke til innhenting av informasjon

​For at vi skal kunne hjelpe deg best mogeleg, vil vi be om tillating til å hente inn informasjon frå andre instansar. Vi kan ikkje gjere dette før vi har fått samtykke frå deg eller vergen din.

Sjukehusapoteket i Molde

Spisestader

​Kantina i sokkeletasjen (aust) er open for pasientar, pårørande og tilsette.

Kantina har følgjande opningstider:

  • Måndag til fredag: 09.00 - 15.30
  • Laurdag og søndag: stengt

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.

Teieplikt

​Vi har teieplikt, og det er du som bestemmer kven som skal få opplysingar om deg og din sjukdom.

Yrkesgrupper du vil møte hos oss

  • ​Barnevernspedagog
  • Ergoterapeut
  • Fysioterapeut
  • Lege
  • Psykolog
  • Spesialpedagog
  • Vernepleiar
  • Sekretær

Arrangement

  • Sett seksualitet på dagsorden

    Hvordan skape et seksualvennlig miljø rundt mennesker med utviklingshemming? Vi kommer til din kommune eller din arbeidsplass for å sette temaet på dagsorden.