Seksjon for vaksenhabilitering Sunnmøre

Vi tilbyr helsetenester til menneske over 18 år med medfødt eller tidleg erverva funksjonshemming/langvarig sjukdom og kognitiv svikt, som har behov for tverrfagleg habiliteringstenester på spesialistnivå.

Les meir om Seksjon for vaksenhabilitering Sunnmøre

Seksjon for vaksenhabilitering Sunnmøre

Dette gjelder menneske med:

  • Utviklingshemming
  • Gjennomgripande utviklingsforstyrringar (innan autismespekteret)
  • Omfattande hjerneskade, motorisk eller sensorisk skade/sjukdom
  • Sjeldne syndrom

Våre tenester

  • Diagnostisering og tverrfagleg utgreiing/funksjonskartlegging og behandling etter behov
  • Direkte oppfølging og rettleiing i pasienten sitt nærmiljø
  • Kurs/opplæring til pasientar, pårørande og samarbeidspartnarar i førstelinetenesta

Habiliteringstenesta for vaksne skal bistå kommunane i utforming og gjennomføring av tiltak der ein nyttar tvang og makt overfor enkelte personar med utviklingshemming etter Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester kapittel 9.

Målsetting

  • Forebygging
  • Identifisering av tvang
  • Å finne alternative løysingar til tvang, evt mindre inngripande løysingar
  • Rettar og plikter når bruk av tvang er heilt nødvendig

Tilvising

Habiliteringstenesta for vaksne samarbeider med Fylkesmannen i Møre og Romsdal om kompetansehevande tiltak i kommunane i bruk av tvang og makt overfor personar med utviklingshemming.

For å bistå kommunane på dette området, treng habiliteringstenesta tilvising frå lege og tilleggsskjema med ytterlegare informasjon fylt ut av tenesteytar.
Habiliteringstenesta ønskjer ein mest mogeleg tverrfagleg tilvisng, gjerne frå ansvarsgruppa. For å få til eit best mogeleg tilbod for pasienten, er det viktig at habiliteringstenesta er i dialog med dei fagpersonane som jobbar med pasienten lokalt.

Tilvisinga skal innehalde aktuell medikamentliste og tidlegare og noverende sjukehistorie og sendast inn av lege.

Kontakt

Oppmøtestad

Ålesund sjukehus
Åsebøen 11, femte etasje.

Telefon
70 10 61 36 faks: 70 10 61 35
måndag - fredag 08:00 - 15:30
E-post
Ålesund sjukehus
Besøksadresse
Åsehaugen 5(Google maps)
Telefon
70 10 50 00
Medisinsk nødtelefon 1 1 3

Praktisk informasjon

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

Parkering

​​Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet. Betaling pr. time kontant eller bankkort.

Kart over sjukehusområdet, inkludert informasjon om parkering.

Biletet er klikkbart og gir større versjon (pdf).

 

Parkeringsbevis hos oss

​Besøkande kan få parkeringsbevis ved å ta kontakt med ekspedisjonen i femte etasje.

Pasienthotellet

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon finn du på pasientreiser.no.

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Saksansvarleg

​Du får tildelt ein saksansvarleg som har hovudansvaret for vidare oppfølging i habiliteringstenesta.

Samtykke til innhenting av informasjon

​For at vi skal kunne hjelpe deg best mogeleg, vil vi be om tillating til å hente inn informasjon frå andre instansar. Vi kan ikkje gjere dette før vi har fått samtykke frå deg eller vergen din.

Sjukehusapoteket i Ålesund

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.

Teieplikt

​Vi har teieplikt, og det er du som bestemmer kven som skal få opplysingar om deg og din sjukdom.

Yrkesgrupper du vil møte hos oss

  • ​Barnevernspedagog
  • Ergoterapeut
  • Fysioterapeut
  • Lege
  • Psykolog
  • Spesialpedagog
  • Vernepleiar
  • Sekretær