DPS Kristiansund døgnseksjon

DPS Kristiansund - døgnseksjon gir utgreiing, behandling og rehabilitering innafor eit breitt spekter av psykiske lidingar. Det blir spesielt fokusert på miljøterapi og fysisk aktivitet i tillegg til ulike individuelle og gruppebaserte tilnærmingsmåtar.

Les meir om DPS Kristiansund døgnseksjon

DPS Kristiansund døgnseksjon

DPS Kristiansund tilbyr primært tenester til innbyggjarar i Nordmørskommunane Kristiansund, Averøy, Tingvoll, Halsa, Surnadal, Rindal, Aure og Smøla. Vi har 20 plassar delt på 2 postar, kvar med 10 plassar.

Vi tilbyr behandling til vaksne over 18 år

  • Du kan ha psykoseproblematikk – eller psykiske vanskar i form av alvorleg angst og depresjon
  • Du kan ha både psykiske- og rusproblem
  • Det kan vere andre tilstandar som gjer at du ikkje fungerer i kvardagen
  • All behandling hos oss er  frivilleg.

Kven behandlar deg?

  • Du får ein behandlingsansvarleg lege eller psykolog og eit behandlarteam
  • I samarbeid med deg utarbeider vi ein individuell behandlingsplan
  • Behandlinga blir basert på den enkeltes målsetning for oppholdet

Behandlingstilbudet omfattar mellom anna

  • Utgreiing av psykiske tilstandar for å stille rett diagnose
  • Du får tilbud om samtalar med lege eller psykolog
  • Du kan få ei medisinsk vurdering og medisinsk behandling
  • Det kan vere observasjon og utgreiing av ditt funksjonsnivå. Dette skjer gjennom deltaking i aktivitetar og gruppetilbod
  • Vi legg til rette for miljøterapeutiske tiltak. Det kan for eksempel vere sosial trening eller ferdigheitstrening

Vi ønskjer eit aktivt samarbeid med deg, pårørande, kommunale instansar og andre einingar i helseføretaket.

Nyttig informasjon ved innlegging

  • Du blir tatt imot av sjukepleiar eller miljøterapeut
  • Du får omvising i posten og får tildelt rom. Du får nøkkel til rommet mot 50 kroner i depositum
  • Ein av dei første dagane er det satt opp samtale med behandlar

Senteret ligg ca. 5 - 10 minutt gange frå butikk og buss, 20 minutt frå kjøpesenter

Husk å ta med deg litt tøy til tur og trening, badedrakt og varme klede. Sko/støvlar du kan bruke til turar i skog og mark.  

Vi har trådlaust nett på kvar avdeling som du kan bruke med eigen pc/mac. Vi har også stasjonær datamaskin på kvar post som du kan bruke.

Aktivitatar

Vi driv med ulike aktivitetsgrupper der skaperglede og meistring er i fokus. Vi prøver også å legge opp til individuelle aktivitetar, som er tilpassa kvar enkelt sine behov for meistring av praktiske ferdigheiter for å klare seg i kvardagen. Vi har fleire grupper for fysisk aktivitet. 

Turgrupper

Lange og korte turar i nærområdet, der frisk luft og mosjon er viktige element. Vi har også turbuss og privatbil som vi bruker til lengre turar. Vi prøver å tilpasse turane slik at kvar enkelt får overkommelege utfordringar. Vi legg vekt på å ha det triveleg i lag, og oppmuntre til turglede og trivsel med å vere ute i naturen.

Trimgruppe

Vi har trimrom med trimsykkel og tredemølle med meir. Vi har trim-instruktørar som kan hjelpe deg i gang og gi deg rettleiing.

Bevegelsesgruppe

Målsettinga her er at du skal bli kjent med eigen kropp og vanemønster, øve deg opp til større ledigheit, stabilitet og evne til avspenning, integrere kroppsleg balanse, fri pust og nærvær. Dette kan føre til auka kunnskap om eigen kropp og reaksjonar, betre oppleving av ro og samling, og ikkje minst mindre smerter og plager.

I denne gruppa gjer du enkle øvingar i ståande, sittande og liggande posisjon, både med og utan musikk. Du skal bli kjent med dei kreftene du allereie har, slik at du kan bruke dei meir rasjonelt.  

Gruppa er spesielt for personar med muskel og skjelettplager, men alle som vil bli kjent med kroppen sin og spenningsmønsteret sitt og oppleve sammenheng mellom kropp og sinn er velkomne.

Undomsgruppe

Målet med ungdomsgruppa er å ha eit aktivitetstilbod til ungdomar i alderen 18-35 år. Mange har av ulike grunnar vore lite i aktivitet siste tida, eller har av ulike grunnar liten oversikt og kunnskap over aktivitetstilbod som finst i nærområdet. Eksempel på aktivitetar vi har gjennomført er: bowling, fisketur, matlaging, skitur, skøyter, tv-spel, grilling/turar i nærområdet.

Kreativ gruppe

Her blir det lagt opp til enkle aktivitetar der du får øve på å delta i ein gruppeaktivitet, og samtidig lage eit enkelt produkt. Vi prøver å bruke materiale frå naturen, i tillegg til vanlege hobbymateriale. Vi legg også her vekt på at du skal oppleve meistring og ha det triveleg i lag med andre.

Samtalegruppe

Samtalegruppa er ei uformell gruppe, der kvar enkelt har ei moralsk teieplikt utanfor gruppa. Her kan du ta opp det du har på hjartet, dele erfaringar og råd med kvarandre og kanskje finne ut at det er fleire som har det på samme måte. Gruppa speglar ofte korleis ein har det i avdelingen. Her kan du ta opp dine opplevingar om korleis det er å bli innlagd på institusjon, og dele tankar og planlegging rundt det å bli skriven ut igjen.

Avis/ temagruppe

Avis/temagruppa er også ei uformell gruppe der vi kan ta opp ulike tema eller nyheiter. Då tenkjer vi både frå aviser, bøker, TV eller Internett. Vi prøver å tenke utadretta, ut av institusjonen, ut mot samfunnet rundt oss.  

Bilde av døgnseksjonen

Eit av våre pasientrom. Romma er og utstyrt med eige bad og wc. 

 Eit av våre pasientrom. Romma er og utstyrt med eige bad og wc.

Familierom 

Å halde kontakt med famile og/eller vener meiner vi er viktig. Difor har vi innreia eit eige besøksrom som er tilrettelagt for barnefamiliar. Her er leikekrok, ei hyggeleg sittegruppe, spisegruppe og minikjøkken.

Familierom 

 

Kjøkken og spisestove.

 

Ei av daglegstovene som er mykje brukt til sosialt samvær.

Aktivitetsrom 

Aktivitetsrom.

Treningsrom
 Treningsrom.

Innlegging ved døgeininga skjer etter søknad eller tilvising frå

  • Fastlege
  • Psykiatritenesta der du bur
  • Psykiatriske poliklinikkar i Helse Møre og Romsdal
  • Sjukehusseksjonar i Helse Møre og Romsdal
  • Ambulante akutteam i Helse Møre og Romsdal. Det er eit eige ambulant akutteam knytt til DPS Kristiansund. Dei har ope frå kl 8:00 - 15:30. Utanom opningstida kan du ringe rettleiingstelefonen hos oss i døgnseksjonen 948 78 470.

Kontakt

Telefon
71 12 32 90
Ekspedisjonen
E-post
Nordlandet i Kristiansund
Besøksadresse
Norddalsveien 37(Google maps)
Norddalsveien 37, 6516 Kristiansund
Telefon
71 12 32 90

Praktisk informasjon

Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.