DPS Molde, døgnseksjonen

DPS Molde - døgnseksjonen har 18 døgnplassar og gir utgreiing, behandling og rehabilitering innanfor eit breitt spekter av psykiske lidingar. Spesielt blir det fokusert på miljøterapi og fysisk aktivitet i tillegg til ulike individuelle og gruppebaserte tilnærmingsmåtar.

Les meir om DPS Molde, døgnseksjonen

DPS Molde, døgnseksjonen

Helse Møre og Romsdal HF, har i alt fem distriktspsykiatriske sentra (DPS) der eitt ligg i Molde. DPS Molde ligg i Knausensenteret om lag 2 km aust for sentrum og består av to seksjonar, ein DPS allmennpsykiatrisk poliklinikk og eit DPS døgntilbod som samarbeider nært. DPS Molde har primært tenester til innbyggjarar i kommunane Sandøy, Misund, Aukra, Vestnes, Rauma, Molde, Fræna, Eide, Gjemnes, Nesset og Sunndal.

Kontakt

Oppmøtestad
Nøisomhedsveien 12
6416 Molde
Telefon
71 12 32 42
E-post

Knausensenteret

Besøksadresse
Nøysomhetsvegen 12(Google maps)
6416 Molde
Telefon
71 12 00 00
Sentralbord

Praktisk informasjon

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Spisestader

​Kantina ved hovudinngangen på Knausen er open for pasientar, pårørande og tilsette.

Kantina har følgjande opningstider:

  • Måndag - fredag: 11.00 - 14.00
  • Laurdag og søndag: stengt

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.