DPS Molde, allmenpsykiatrisk poliklinikk

Poliklinikken tilbyr utgreiing og behandling til menneske som har moderate til alvorlege psykiske lidingar. Med bakgrunn i tilvisinga så vil del fleste pasientar få tilbod om helsehjelp her. Pasientar med til dømes mindre lidingar kan ha god nytte av å heller møte fastlegen, kommunal psykolog eller kommunalt helseteam.

Behandlinga kan vere ulike former for samtaleterapi individuelt eller i grupper, og eventuelt medikamentell behandling.

Poliklinikken har blant anna kompetanse innan psykodynamisk terapi, kognitiv terapi, korttids- og langtids gruppebehandling og medikamentell behandling.

Vi samarbeider med fastlegar, NAV og andre relevante instansar der det er behov for det.

I tillegg til ordinær poliklinikk har vi eit fylkesdekkande behandlingstilbod for pasientar med tvangslidingar (OCD). OCD-teamet held til i poliklinikken ved DPS Molde.


Tilvisingar

Tilvisingane til oss kjem i hovudsak frå fastlege. Alle tilvisingar blir vurdert i inntaksteam fortløpende. Pasienten sin helsetilstand blir først og fremst vurdert ut frå opplysingane i tilvisinga, og difor er det viktig at denne inneheld relevante opplysingar om sjukehistorie, symptom, og forsøk på behandling.

Innan ti arbeidsdagar frå vi har fått tilvisinga skal vi ha vurdert den og sendt svar til pasienten med vår vurdering og eventuelt tidspunkt for behandling.

Sjekkliste for tilvising:
- Aktuelle symptom
- Aktuell funksjonsskildring
- Aktuelle kartleggingar/testar (eksempelvis MADRS)
- Kva behandling/oppfølging er gitt fram til no, og effekt så langt?
- Tidlegare psykiske helseplager
- Kjente psykiske helseplager i nær familie
- Somatisk status
- Medisinar (dato for siste endringar, og serumkonsentrasjon)
- Eventuell rusmiddel/legemiddelavhengigheit
- Cave
- Omsorg for barn
- Nettverk
- Pasienten sin motivasjon for behandling


Ved behov for akutt hjelp kan du kontakte vårt ambulante akutteam.

Les meir om DPS Molde, allmenpsykiatrisk poliklinikk

DPS Molde, allmenpsykiatrisk poliklinikk

Helse Møre og Romsdal har i alt fem distriktspsykiatrisk sentra (DPS) der eitt av desse ligg i Molde. Senteret består av to seksjonar, ein DPS poliklinikk og eit DPS døgntilbod som samarbeider nært. DPS Molde har primært tenester til innbyggere i kommunane Rauma, Vestnes, Sandøy, Misund, Aukra, Fræna, Eide, Gjemnes, Nesset, Sunndal og Molde.

Vi tilbyr individuell-, gruppe-, og dagbehandling.
DBT-poliklinikken R.O.B.U.S.T. er eit spesialisert team for pasientar som har store vanskar med følelsesregulering og som skader seg.

Kontakt

Oppmøtestad
Knausensenteret
Nøysomhetsveien 12
6416 Molde
Telefon
71 12 29 00
Knausensenteret
Besøksadresse
Nøysomhetsvegen 12(Google maps)
6416 Molde
Telefon
71 12 00 00
Sentralbord

Praktisk informasjon

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Spisestader

​Kantina ved hovudinngangen på Knausen er open for pasientar, pårørande og tilsette.

Kantina har følgjande opningstider:

  • Måndag - fredag: 11.00 - 14.00
  • Laurdag og søndag: stengt

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.