DPS Ålesund poliklinikk

Vi tek imot pasientar som treng utgreiing og behandling av psykiske lidingar og rusproblem, men som ikkje treng døgnopphald.
Opptaksområdet vårt er kommunane Giske, Haram, Hareid, Norddal, Skodje, Stordal, Stranda, Sula, Sykkylven, Ørskog og Ålesund.

Les meir om DPS Ålesund poliklinikk

DPS Ålesund poliklinikk

Allmennteama

Allmennteama tilbyr utgreiing og behandling til menneske over 18 år. Vi diagnostiserer og gir råd om vidare handtering, anten det er tilbakeføring etter den første utgreiingsfasen eller vidare behandling i poliklinikken. Vi lagar då individuelle behandlingsavtalar der mål, behandlingstype og lengd blir fastsette. Gjennom dette inviterer vi pasienten til å vere aktiv deltakar i sin eigen behandlingsprosess.

Pasienten sine mål kan mellom anna vere å oppnå: 

  • symptomlette
  • auka innsikt i eigne problem og eigen sjukdom
  • betre meistringsevne, livskvalitet og/eller auka funksjonsnivå

Tilbodet inneheld mellom anna:

  • medikamentell behandling
  • individuelle samtalar med ulike typar psykoterapi
  • par- og familieterapi
  • samarbeid med fastlege, sosialteneste og liknande (førstelinja) gjennom ansvarsgrupper, teamreiser, telefonkontakt m.m.

Når pasienten sitt behov for opplegg endrar seg, vil vi i samråd med pasienten søkje vedkomande til rett tilbod.

Gruppebehandlingsteamet

Gruppebehandlingsteamet gir tilbod til menneske over 18 år med langvarige psykiske problem, og der gruppebehandling er mest tenleg.
I dei ulike gruppene kan pasientane medverke mykje til kvarandre sine betringsprosessar. Vaksne menneske har eit stort utviklingspotensial, og kan forandre livsførsel og åtferd med vår bistand. Særleg i samhandling med andre er det mogleg å få betre innsikt i sin eigen livssituasjon, auka livsglede, sjølvtillit, tryggleik og tilknyting., og dermed også fungere betre mellommenneskeleg.

Vi samarbeidar også med ulike etatar om hjelp til utdanning og rehabilitering til arbeid.

Gruppebehandlingsteamet i Ålesund er no tilknytt det norske nettverket av psykoterapeutiske dagavdelingar. Du finn meir om psykiatrisk dagbehandling i Ålesund på dagbehandlingsnettverk.no.

Rusteamet

Vurderingsinstans

Rusteamet er ein tverrfagleg spesialisert vurderingsinstans i samarbeid med Rusbehandlig Midt-Norge, og skal:

  • Vurdere om pasientar som blir tilviste, har rett til spesialiserte tenester.
  • Fastsetje frist for når ein seinast kan gi slik helsehjelp (behandlingsgarantidato).
  • Vurdere behandlingstype (poliklinisk eller døgnopphald, korttidsopphald/langtidsopphald).

Rusteamet kan også tilrå eigna behandlingsstad.

Poliklinisk behandling

Rusteamet tilbyr poliklinisk behandling til menneske over 15 år, som opplev eigen eller andre sin rusmiddelbruk som problematisk. Det kan vere misbruk av alkohol, medikament, illegale narkotiske stoff eller andre rusmiddel.

Målet for denne delen av arbeidet vårt er å gi eit individuelt tilpassa behandlingstilbod, som kan medverke til at pasienten meistrar rusproblema og dei psykiske lidingane sine, og at både livskvaliteten og funksjonsnivået dermed vert betre. 

Tilbodet kan inkludere individuelle samtalar, gruppeterapi og samarbeid med aktuelle instansar. Vi gir også råd og rettleiing til andre delar av hjelpeapparatet, og driv også med rusførebyggjande arbeid blant born og ungdom.

Teamet har eigen overlege og psykologspesialist. Personalgruppa er  tverrfagleg samansett.

Kontakt

Oppmøtestad
Geilebergveien 20
Telefon
70 16 73 00
måndag08:00 til 15:30
tysdag08:00 til 15:30
onsdag08:00 til 15:30
torsdag08:00 til 15:30
fredag08:00 til 15:30
E-post
Postadresse
Helse Møre og Romsdal HF, Psykiatrisk poliklinikk Ålesund,
Ålesund sjukehus, 6026  ÅLESUND

Ålesund sjukehus

Besøksadresse
Åsehaugen 5(Google maps)
Telefon
70 10 50 00
Medisinsk nødtelefon 1 1 3

Praktisk informasjon

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

Parkering

​​Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet. Betaling pr. time kontant eller bankkort.

Kart over sjukehusområdet, inkludert informasjon om parkering.

Biletet er klikkbart og gir større versjon (pdf).

 

Pasienthotellet

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Presetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Presetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon finn du på pasientreiser.no.

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Sjukehusapoteket i Ålesund

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.