DPS Sjøholt

DPS Sjøholt ambulant og døgnseksjon er eit distriktspsykiatrisk senter, ein open institusjon for personar over 18 år under Klinikk for psykisk helsevern/rus og avhengigheitsmedisin i Helse Møre og Romsdal. Senteret har sengepost med 14 plassar og eit ambulant almennteam som tilbyr behandling i heimemiljøet. Hovudopptaksområdet er Haram, Skodje, Ørskog, Stordal, Norddal, Stranda, Sykkylven og Ålesund, midtre bydel. Det er tett samarbeid med dei kommunale psykiske helsetenestene. Vi kan mellom anna tilby vegleiing.

Les meir om DPS Sjøholt

DPS Sjøholt

Døgntilbod
Kjernen i behandlingstilbodet er miljøterapi og aktivitet. Målet er at pasientane oppnår betre funksjon, både fysisk og sosialt, og å førebygge forverring av psykiske problem. Vi tilbyr elles utgreiing, behandling – både med og uten medisinar – og samtalar med lege, psykolog og miljøpersonale.
Døgnposten har 14 pasientrom, 7 av dei med eige bad og toalett, kjøkken, stove og aktivitetsrom. Pasientar kan nytte pc med internett. Trådlaust nettverk er også tilgjengeleg. Vi tilbyr skyss til Sjøholt sentrum måndag – fredag ettermiddag. Det finst rikleg med mulegheiter for korte eller lengre turar, både som gruppeaktivitet og enkeltvis.

Brukarstyrt innlegging
Senteret har to døgnplassar for pasientar som har avtale om brukarstyrt innlegging. Pasientar med slik avtale kan sjølve ta kontakt og be om å bli innlagde for kortare opphald. Hensikta med brukarstyrt innlegging er å hjelpe kjende pasientar gjennom ein periode med redusert funksjonsnivå, på eit tidleg tidspunkt i forløpet, og utan at pasientane må gå via fastlege eller legevakt. Pårørande og kommunen sitt hjelpeapparat kan også ta kontakt om innlegging. 

Ambulant team
Vårt ambulante allmennteam tilbyr spesialisert, tverrfagleg utgreiing og behandling i samarbeid med dei kommunale tenestene, kvardagar mellom kl. 8.00 og 15.30. Teamet kan hjelpe til med å lette overgangen til dagleglivet heime, kome inn dersom det oppstår ei krise eller vere med i eit langsiktig behandlings- eller rehabiliteringsopplegg.
Pasientar som får ambulant behandling, må betale ein eigenandel som tilsvarer polikliniske satsar. Eigendelen blir rekna inn i grunnlaget for frikort, slik eigendelar for vanlege legebesøk blir det.

Brukarmedverknad
Pasienten sin erfaringskunnskap og eigeninnsats er viktige ressursar i behandlinga. Vår felles oppgåve er å skreddarsy eit behandlingsopplegg som i størst muleg grad samsvarer med måla pasienten har for opphald eller ambulant behandling . Behandlingsplan, individuell plan og for døgnpasientar: miljøterapiplan og vekeplan og er verktøy som kan nyttast i dette arbeidet. Vi ønskjer at pasienten sjølv i størst muleg grad er med og utformar desse planane.
I samråd med pasientane jobbar vi elles aktivt med å leggje til rette for eit godt samarbeid med pårørande og andre nærpersonar.

Pårørande - viktige medspelarar
Pårørande og andre nærpersonar har ei viktig rolle i nettverket rundt pasienten. Dei har også kunnskap om pasienten sitt liv og korleis sjukdommen kan setje sitt preg på kvardagen. Denne kunnskapen kan vere svært verdfull å ha med som grunnlag for å setje rett diagnose, utforme eit heilskapleg behandlingsopplegg og evaluere mål og tiltak.
Næraste pårørande har rett til generell informasjon, for eksempel informasjon om ein diagnose og vanlege behandlingsformer for denne. Dersom pasienten samtykker, har næraste pårørande også rett til informasjon om pasienten sin tilstand og behandlinga som blir gitt.
Opplever du som pårørande sjølv behov for informasjon og rådgiving, står vi til disposisjon.

Korleis søke?
Pasientar kan søkast inn av fastlege. Psykiatritenesta kan også henvise, men det er ønskeleg at fastlegen er involvert i henvisninga. Ved behov har vi vurderingssamtalar med pasienten, for å få ei bedre forståing av situasjonen og kva slag behandlingstilbod som vil vere mest eigna. Alle henvisningar blir vurderte i eit felles inntaksråd der det alltid er spesialist til stades. Det blir teke avgjerd utifrå prioriteringsvegleiaren.

Når du kjem – som døgnpasient
Den dagen du skal innleggast, er det ønskjeleg at du kjem mellom kl. 1000 og 1300.
Vi ber om at du tek med deg dei medisinane du bruker. Ta også med individuell plan dersom du har fått utarbeidd ein slik.
Vi har ulike turaktivitetar, og for å kunne delta i desse, treng du eigna klede og fottøy.
Som pasient får du din eigen miljøkontakt i miljøpersonalet. Saman med behandlande lege/psykolog og anna personale vil miljøkontakten følge deg opp og – der det er ønskeleg – legge til rette for samarbeid med andre instansar.

Besøk og permisjonar
Som døgnpasient må du gjerne ta imot besøk; eige besøksrom kan nyttast. Besøkstidene er:
Måndag–fredag: kl 1600–2130
Laurdag–søndag: kl 0900–2130
Eller etter avtale
Vi har eige besøksrom, og både barn og vaksne som er pårørande, må gjerne kome på besøk. Besøkande blir oppmoda om å ta kontakt med personalet når dei kjem.
Permisjonar blir avtalte individuelt som ein del av behandlingsopplegget.

Kontrollkommisjonen
Kontrollkommisjonen for det psykiske helsevernet ved Helse Møre og Romsdal HF er eit organ som skal sjå til at psykisk helsevern blir drive i samsvar med lovverket, og som særskilt etterser bruk av tvang. Kommisjonen kan ta opp saker på eige inititativ eller på intiativ frå pasientar, næraste pårørande eller personale. Oppslag om medlemmer i kontrollkommisjonen med telefonnummer finn du på informasjonstavler på senteret.

Rettar som pasient eller pårørande
Under: Praktisk informasjon lenger nede på denne nettsida finn du meir om rettane dine som pasient eller pårørande. På den offentlege nettstaden: helsenorge.no finn du også ei oversiktleg side om Dine rettigheter, i tillegg til mykje anna helseinformasjon av god kvalitet.

Hjelpetelefonar og nettstader
Det finst ei rekke hjelpetelefonar og nettstader for pasientar og pårørande innan psykisk helse og rus. Rådet for psykisk helse har laga ei oversikt.

Kontakt

Oppmøtestad
DPS Sjøholt ambulant og døgnseksjon ligg fritt til på Haukås, 2,5 km frå Sjøholt i retning mot Stordal.
Telefon
70 27 38 70
E-post
Postadresse
Besøks- og postadresse:
DPS Sjøholt ambulant og døgnseksjon
Haukåsvegen 19
6240 ØRSKOG

Sjøholt

Besøksadresse
DPS Sjøholt ambulant og døgnseksjon, Haukåsvegen 19, 6240 Ørskog
Besøkstider
måndag16:00 - 21:30
tysdag16:00 - 21:30
onsdag16:00 - 21:30
torsdag16:00 - 21:30
fredag16:00 - 21:30
laurdag09:00 - 21:30
sundag09:00 - 21:30
Telefon
70 27 38 70

Praktisk informasjon

Besøkstider

​Som døgnpasient må du gjerne ta imot besøk; eige besøksrom kan nyttast.

Besøkstidene er:
Måndag–fredag: kl 16:00 – 21:30
Laurdag–søndag: kl 09:00 – 21:30

I besøksrommet finst det leiker for småbarn som kjem på besøk. Besøkande blir oppmoda om å ta kontakt med personalet når dei kjem.

Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Presetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Presetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

DPS Sjøholt ambulant og døgnseksjon ligg fritt til på Haukås, 2,5 km frå Sjøholt i retning mot Stordal. Skiltet: ”Psyk. senter” syner veg opp til senteret, forbi to eldre trebygningar. Hovudinngangen ligg midt på bygget, på austsida. Når du kjem, ta kontakt med resepsjonen til høgre for hovudinngangen, eller personalbasen i første etasje.

 

Parkering

Pasientar og besøkande med bil kan parkere på den nedste parkeringsplassen nedanfor husa.

 

Buss 

Passasjerar med FRAM EKSPRESS kan gå av på buss-stoppen i Sjøholt sentrum og be om å bli henta der. Reisande med buss Linje 210 (Ålesund – Valldal) kan gå av i Giskemokrysset nær DPS Sjøholt.

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.