DPS Vegsund

DPS Vegsund er eit av fem distriktspsykiatriske senter i klinikk for psykisk helsevern og rus. DPS Vegsund har ansvar og oppgåver på spesialistnivå innan psykisk helsevern for vaksne over 18 år, i eit gitt geografisk område. Tilbodet omfattar døgnavdeling, dagbehandling, polikliniske og ambulante tenester. I tillegg har vi eit regionalt medikamentfritt behandlingstilbod. Vi arrangerer også kurs i depresjons-, belastnings- og angstmestring, og gir tilbod om psykoedukativ familiebehandling.  
Vi tek imot pasientar som treng utgreiing og behandling av psykiske lidingar og rusproblem. Opptaksområdet er kommunane Giske, Sula og Ålesund.


Les meir om DPS Vegsund

DPS Vegsund

Døgntilbod
DPS Vegsund har eit samansett behandlingstilbod. Dei ulike faggruppene arbeider saman for å oppnå best mulig resultat under opphaldet. Vi tilbyr tverrfagleg utgreiing og behandling, både med og utan medisinar. Kjernen i behandlingstilbodet er miljøterapi. Gjennom å delta i målretta aktivitetar i miljøet/fellesskapet, skal pasienten kunne oppnå å fungere betre både psykisk  og sosialt. Behandling blir gitt både i gruppe og individuelt.
Det er mulig å ta med PC. Vi har trådlaust nettverk.


Besøk og permisjonar
Besøkstidene er:
Måndag–fredag: kl 16.00–2100
Laurdag–søndag: kl 10.30–21.00
Eller etter avtale
Både barn og vaksne som er pårørande, må gjerne kome på besøk. Vi prøver å legge til rette for besøk av barn. Vi har ein del leiker og ein leikekrok i underetasjen. Besøkende blir oppmoda om å ta kontakt med personalet når dei kjem.
Permisjonar blir avtalte individuelt som ein del av behandlingsopplegget.


Rus
Alkohol og andre russtoff påverkar grunnleggande fungering.  Dersom menneske søker hjelp for å få oversikt over seg sjølv i samspel med andre, er aktiv rusing forstyrrande. Både alkohol, narkotiske stoff og enkelte former for legemiddel verkar inn på utforskinga av mentale tilstander. Desse kan både utydeleggjere og øydelegge for overordna mål i ei behandling. Vi legg vekt på at vårt møte med pasientane her skal foregå utan ruspåvirkning. For den som er innlagt hos oss, eller som er i ein ambulant/poliklinisk oppfølging, er det ein føresetnad at ein er rusfri.  Rustestar kan vere aktuelt ved mistanke om rusbruk.


Brukarmedverknad
Pasienten sin erfaringskunnskap og eigeninnsats er viktige ressursar i behandlinga. Vår felles oppgåve er å skreddarsy eit behandlingsopplegg som i størst muleg grad samsvarer med måla pasienten har for opphald eller ambulant behandling . Behandlingsplan og individuell plan er nokre verktøy som kan nyttast i dette arbeidet. Vi ønsker at pasienten sjølv i størst muleg grad er med og utformar desse planane. I samråd med pasientane jobbar vi elles aktivt med å leggje til rette for eit godt samarbeid med pårørande og kommunale tenester.
Pårørande - viktige medspelarar
Pårørande har ei viktig rolle i nettverket rundt pasienten. Dei har også kunnskap om pasienten sitt liv og korleis sjukdommen kan setje sitt preg på kvardagen. Denne kunnskapen kan vere svært verdfull å ha med som grunnlag for å setje rett diagnose, utforme eit heilskapleg behandlingsopplegg og evaluere mål og tiltak.
Næraste pårørande har rett til generell informasjon, for eksempel informasjon om ein diagnose og vanlege behandlingsformer for denne. Dersom pasienten samtykker, har næraste pårørande også rett til informasjon om pasienten sin tilstand og behandlinga som blir gitt.


Dagbehandling
DPS Vegsund har 2 dagbehandlingsplassar og tilbyr behandling  måndag til torsdag kl. 09.15 til 14.30 i inntil 6 veker. Tilbodet er for pasientar som har rettar i spesialisthelsetenesta og som kan nyttiggjere seg eit dagtilbod i forhold til behandling og utgreiing. Som dagpasient følgjer ein det miljøterapeutiske tilbodet i døgnposten. Ein disponerer eit rom som ein kan bruke på dagtid. Pasientane administrerer medisinar sjølv og tek morgonmedisin heime.
Gjennom dagbehandling kan du ha fokus på eigne problemstillingar i møte med andre. Stabil deltaking i dagbehandling kan bidra til økt struktur i kvardagen og støtte til å komme i gang med aktiviteter som bidrar til bedra fungering.  Behandlingsteamet består av spesialsjukepleier, psykolog, lege og fysioterapeut. 
Noko av kartlegginga i forhold til utgreiing vil skje elektronisk via mobiltelefon.
Dagpasientane betaler ein eigenandel som reknast inn i grunnlaget for frikort.


Regionalt medikamentfritt tilbod
Personar med kronisk depresjon, angst eller langvarige relasjonsproblem kan få tilbod om eit medikamentfritt behandlingsalternativ ved DPS Vegsund på Sunnmøre. I det medikamentfrie tilbodet har vi poliklinisk dagbehandling (tre plassar) og tre døgnplassar. Vi tek imot pasientar frå heile regionen og tilbyr eit 8 vekers behandlingsopphald der vi har satt saman fleire medikamentfrie behandlingsformer i eit intensivt program. Dagpasientane betalar ein eigenandel som reknast inn i grunnlaget for frikort. Les meir om dette tilbodet her


Ambulant team
Vårt ambulante allmennteam tilbyr spesialisert, tverrfagleg utgreiing og behandling i samarbeid med dei kommunale tenestene, kvardagar mellom kl. 8.00 og 15.30. Teamet kan hjelpe til med å lette overgangen til dagleglivet heime, kome inn dersom det oppstår ei krise eller vere med i eit langsiktig behandlings- eller utgreiingsopplegg.
Pasientar som får ambulant behandling, må betale ein eigenandel som tilsvarer polikliniske satsar. Eigendelen blir rekna inn i grunnlaget for frikort.

Korleis søke?
Pasientar kan henvisast av fastlege. Psykiatritenesta kan også henvise, men vi ønsker at fastlegen er involvert i henvisninga. Ved behov har vi vurderingssamtalar med pasienten for å få ei betre forståing av situasjonen og kva slag behandlingstilbod som vil vere mest eigna. Alle henvisingar vert vurderte i eit felles inntaksråd der det alltid er spesialist til stades. Det vert fatta ei avgjerd utifrå prioriteringsvegleiaren i psykisk helsearbeid for vaksne. Henvisningar til det regionale medikamentfrie tilbodet må komme frå behandlar i spesialisthelsetenesta.

Kontakt

Oppmøtestad
Vegsundvegen 68
6020 Ålesund
Besøkstider
måndag - fredag 16.00 - 21.00
laurdag - sundag 10.30 - 21.00
Telefon
70106760
E-post
Postadresse

DPS Vegsund
6020 Ålesund

Vegsund
Besøksadresse
Vegsundvegen 68(Google maps)
Besøkstider
måndag - fredag 16:00 - 21:00
laurdag - sundag 12:00 - 21:00
Er det behov for besøk utanom desse tidene, kan dette avtalast med personalet.

Husk at du kan ha rett til å få dekt reiseutgifter

​​Du kan ha rett til å få dekt nødvendige utgifter til og frå behandling. 

Sjekk dine rettar på helsenorge.no

Praktisk informasjon

Barn og unge i familien?

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og unge blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vil gjer for barn og unge som er pårørande

Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.

Medikamentfri behandling, psykisk helsevernhttps://helse-mr.no/behandlinger/medikamentfri-behandling-psykisk-helsevernMedikamentfri behandling, psykisk helsevernMMedisinfri behandling psykisk helsevern - Helse MidtMedisinfri behandling psykisk helsevernMedisinfri behandling psykisk helsevern - Helse MidtMedisinfri behandling psykisk helsevern - Helse Midt

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.