DPS Volda døgnseksjon

Vi gir tverrfagleg utgreiing- og behandlingstilbod til pasientar over 18 år med psykiske lidingar. Sengeposten er delt i to tverrfaglege team og har 19 plassar til saman. Opptaksområda våre er kommunane Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven, Volda og Ørsta.

Les meir om DPS Volda døgnseksjon

DPS Volda døgnseksjon

Psykiatriske sjukepleiarar, sosionom, psykiatriske hjelpepleiarar, aktivitør, ergoterapeut, fysioterapeut, musikkterapeut, psykolog og psykiater er tilsett ved døgnseksjonen.

Opphaldstypar

  • Døgnseksjonen gir tilbod om vurderings-/observasjonsopphald når pasient eller diagnose ikkje er kjent frå tidlegare.
  • Andre typer opphald kan vere stabiliseringsopphald, medikamentvurdering-/nedtrapping, motivering-/ aktivitetsopphald og  rehabiliteringsopphald.
  • Utgreiing skjer gjennom samtale, ved deltaking i individuelle- og fellesaktivitetar, og ved bruk av kartleggingsverktøy etter individuell vurdering.

Ulike typar behandling

  • Miljøterapi
  • Samtalar
  • Ulike former for aktivitetstilbod individuelt og i gruppe
  • Turar
  • Tilbod om ECT (elektrosjokk-behandling)
  • Vurdering av medikament

Dersom det er behov og ein finn det tenleg kan vi gi hjelp til vurdering av bustad, arbeid, evt. anna aktivitet, økonomi  og evt.andre støttetiltak. Døgnavdelinga legg stor vekt på samarbeid med pasient, pårørande og kommunale instansar i samband med behandlinga. Ved nokre tilfelle gir døgnavdelinga tilbod i etterkant av opphald, i form av heimebesøk eller aktivitetstilbod i institusjonen 

Tilvising

Det skal nyttast ordinær søknad ved tilvising. 

Akutt hjelp/krisetilbod

Vi tilbyr kriseseng etter nærare avtale for pasientar som tidlegare har vore innlagt i sengeposten. Ved behov for akuttinnlegging i vaksenpsykiatrisk avdeling kan sjukehuset i Ålesund kontaktast.

Kontakt

Oppmøtestad

Sengeposten er lokalisert i sjukehusbygninga. Inngangen er på vestsida av bygget, rett inn frå parkeringsplassen. Du finn oss i 1. etasje.
Telefon
70 05 86 60
E-post
Postadresse

DPS Volda døgnseksjon

Helse Møre og Romsdal HF, Volda sjukehus, Boks 113, 6101 Volda

Volda sjukehus

Besøksadresse
Kløvertunvegen 1(Google maps)
Telefon
70 05 82 00
Medisinsk nødtelefon 1 1 3

Praktisk informasjon

Besøkstid Volda sjukehus

Besøkstida er kl. 14:00 - 19:00. Vi oppmodar besøkjande om å ta kontakt med den aktuelle avdelinga før besøket. 

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

Parkering

​​​​​Du kan parkere på anviste plassar utanfor sjukehuset


 

Pasienttelefon

​Pasienttelefon

På avdelingane er det telefonar ved alle sengene. Det er også telefonautomatar i alle etasjar.

 

Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Presetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Presetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon finn du på pasientreiser.no.

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Spisestader

​Kantina i underetasjen er open for pasientar, pårørande og tilsette. Vi har middagsservering kvar dag frå kl 12.00 - 16.00 i tillegg til litt kioskvarer, krigler, kaker og påsmurt brødmat. Vi har også pålegg og brødmat som du kan smøre sjølv.

Kantina har følgjande opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 08.00 - 16.00
  • Laurdag og søndag: kl 12.00 - 16.00

 

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.