Akutt psykisk helse Hjelset

Vår hovudoppgåve er å ta hand om pasientane som kjem inn, og raskt vurdere situasjonen dei er i. Mottaksseksjonen har plikt til å gi strakshjelp. Det vil sei at nesten alle pasientar som vert innlagd i psykiatrisk avdeling, kjem innom denne seksjonen før dei eventuelt blir overflytta til andre seksjonar.
Akutt psykisk helse har 12 døgnplassar, med øyeblikkelig hjelp-funksjon for vaksne over 18 år i Nordmøre og Romsdal som treng akutt døgnbehandling.

Les meir om Akutt psykisk helse Hjelset

Akutt psykisk helse Hjelset

Seksjon Akutt psykisk helse på Hjelset er ein av dei 5 sjukehusseksjonane i avdeling for sjukehuspsykiatri Nordmøre og Romsdal.  Seksjonen tilbyr i hovudsak tenester til innbygjararane i Nordmørs- og Romsdalskommunane.

Behandlingstilbod

Når du kjem til oss får du ei behandlergruppe bestående av psykiater eller psykologspesialist og ein lege i spesialisering. Det vil være ein koordinator fra miljøpersonalet i denne gruppa.
Vi lagar ein individuell behandlingsplan for deg.
Behandlingstilbodet inneberer faste samtalar med behandlar og miljøterapeuter, somatisk undersøking (inkl. blodprøver og urinprøver), vurdering av medikamentell behandling, i tillegg til miljøterapeutiske tiltak .
Hovudmålet for behandlinga er utgreiing/behandling/stabilisering av psykisk tilstand og kartlegging av behandlingsbehov, stabilisering og/eller bedring av psykisk helse, i tillegg til mestring av eigen livssituasjon.
Personalgruppa består hovudsakeleg av legar, psykologspesialist, sjukepleiarar/vernepleiere, psykiatriske sjukepleiarar, hjelpepleiarar og sosionom. Varigheit på opphaldet skal være kortvarig eller så lenge ein har indikasjoner på akutt behandling. Du blir tilvist til andre seksjoner i spesialist- og kommunehelsetenesta for videre behandling og oppfølging ved behov.
Vi ønskjer eit godt samarbeid med pårørande og oppfølgande instansar. Vi har eigne barneansvarlege som har fokus på barn under 18 år som pårørande.

Rutine for tilvising og innlegging

Vaksne( over 18 år) med behov for ø-hjelp/akutt innleggelse oppsøker vanlegvis legevakt, fastlege eller ambulant akuttteam, som kan tilvise til vurdering for innleggelse hos oss.

 

Ambulant akutt-team

Ved dei distriktspsykiatriske sentra DPS i Molde(Romsdal) og DPS Kristiansund (Nordmøre) kan ambulante akutt-team tilby konsultasjon/vurdering på kort varsel, som regel same eller påfølgande dag.
Disse teama bidreg i samarbeid med kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta til å tilrettelegge vidare behandlingsforløp.

Opningstid: Mandag – fredag kl. 08 :00 – 21:30
I helger, på kveld og natt har helseføretaket døgnkontinuerleg vakt av lege som mottar henvisninger om vurdering/innleggelse ved mottaksseksjon.


Kontakt

Oppmøtestad
Opdølsveien
Paviljongbygg A
6450 Hjelset
Besøkstider
måndag - sundag Ingen faste besøkstider, gjør avtale med ansvarsvakt tlf 71 21 74 06
Telefon
71217406 eller sentralbord 71120000
E-post
Hjelset
Besøksadresse
Opdølvegen(Google maps)
Telefon
71120000
E-post

Praktisk informasjon

Barn og unge i familien?

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og unge blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vil gjer for barn og unge som er pårørande

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.