Seksjon for utgreiing Molde

Seksjon for utgreiing ligg ved Molde sjukehus og gir høgt spesialisert tilbod med aktiv, intensiv og tilrettelagt utgreiing/diagnostisering og initierer behandling på spesialistnivå der behandlingstilbodet er tverrfagleg.

Les meir om Seksjon for utgreiing Molde

Seksjon for utgreiing Molde

Målgruppa er pasientar med alvorlege depresjonar, angstlidingar, tvangslidingar, bipolare lidingar, PTSD, alvorlege spiseforstyrringar, personlegdomsforstyrringar, somatoforme lidingar, dissosiative lidingar og psykososiale problemstillingar. Vi vil også kunne utgreie-/diagnostisere pasientar ved mistanke om utvikling av kroniske psykosar.

Behandling

Vi skal greie ut og initiere behandling. Behandlinga blir individuelt tilpassa anten det er individuell psykoterapi, medikamentell behandling, elektrokonvulsiv behandling, EMDR/traumebehandling, kognitiv terapi, psykomotorisk fysioterapi, eksponeringstrening eller samtalar/rådgiving. Som verktøy i utgreiinga bruker vi også spesialiserte testar og strukturerte intervju, i tillegg til fortløpande observasjonar og kartleggingar under opphaldet. Miljøet hos oss vil også vere ein viktig faktor i behandlinga ved at vi tilbyr rammer og tryggleik rundt utfordringane dine.

Vi tilbyr også gruppebehandling; Kropps- og bevissthetsgruppe dagleg, trenings- og avspenningsgruppe ved fysioterapeut 2 gongar per veke og kunst- og uttrykksterapi i gruppe 1 gong i veka. Vi tilbyr også familieterapi for par eller familiar.

Behandlinga er tverrfagleg og heilskapleg lagt opp.

Kontakt

Oppmøtestad
Molde sjukehus
2. etg. inngang B (på nordsiden)
Parkveien 84
6412 Molde
Telefon
Vaktrom 71 12 05 45 pasienttelefon 71 12 03 10
E-post

Praktisk informasjon

Besøkstid Molde sjukehus

Besøkstidene er på dei fleste avdelingene kl. 14:30 - 15:30 og kl. 19:00 - 19:30. Vi vil oppmode besøkjande om å ta kontakt med den aktuelle avdelinga før pasientbesøket.

Har du andre spørsmål om besøkstider, kontakt den sengeposten det gjeld eller Helse Møre og Romsdal sitt sentralbord, tlf. 71 12 00 00

 

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Presetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Presetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon finn du på pasientreiser.no.

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Sjukehusapoteket i Molde

Spisestader

​Kantina i sokkeletasjen (aust) er open for pasientar, pårørande og tilsette.

Kantina har følgjande opningstider:

  • Måndag til fredag: 09.00 - 15.30
  • Laurdag og søndag: stengt

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.