Seksjon for forsterka rehabilitering Ålesund

Forsterka rehabilitering er ein spesialisert seksjon under Avdeling for sjukehuspsykiatri i Helse Møre og Romsdal, og er føretaksdekkande innan sikkerheitspsykiatri og langtidsrehabilitering.

Les meir om Seksjon for forsterka rehabilitering Ålesund

Seksjon for forsterka rehabilitering Ålesund

Seksjonen har per i dag 6 sengeplassar (skal aukast til 8 plassar) med relativt høg pleiefaktor. Av miljøpersonalet er sirka 40% kvinner og 60% menn. I arbeidet ved seksjonen legg vi vekt på å handtere aggresjons- og valdsproblematikk og å gjere valdsrisikovurderingar.

Vi handterer psykiske lidingar som til dømes:

  • personlegdomsforstyrringar
  • schizofreni
  • rusproblem
  • psykosar
  • angstlidingar
  • stemningslidingar
  • krisereaksjonar
  • posttraumatiske stresslidingar
  • tilpassingsforstyrringar

 

Behandlinga tek sikte på å gjere pasienten betre rusta til å meistre kvardagen ute i samfunnet, og har som mål at pasienten under opphaldet skal kunne etablere og stabilisere seg i eigen bustad.

Liggjetida ved seksjonen strekkjer seg frå relativt korte observasjonsopphald til lengre rehabiliteringsopphald.

Vi legg opp til ein strukturert og føreseieleg behandlingsstrategi. Pasienten sjølv skal i samarbeid med miljøpersonell og behandlar vere med på å utforme behandlingsplanen sin.

Tryggleik, trening, trivsel og å oppleve meistring er viktige grunnsteinar i behandlinga.

Besøk

Besøkstid etter avtale med personalet ved seksjonen.

For meir informasjon

Seksjonsleiar: Perny Kristine Oksnes. Telefon 70 10 65 58.
Teamleiar: Ann Kristin Våge. Telefon 70 10 65 82.

Kontakt

Oppmøtestad
Forsterka rehabiliteringsseksjon ligg vest for hovudsjukehuset i psykiatribygget, inngang A.  Du finn oss i 1. etasje.
Telefon
70 10 65 85
E-post

Ålesund sjukehus

Besøksadresse
Åsehaugen 5(Google maps)
Telefon
70 10 50 00
Medisinsk nødtelefon 1 1 3

Praktisk informasjon

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon finn du på pasientreiser.no.

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Parkering

​​Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet. Betaling pr. time kontant eller bankkort.

Kart over sjukehusområdet, inkludert informasjon om parkering.

Biletet er klikkbart og gir større versjon (pdf).

 

Pasienthotellet

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Sjukehusapoteket i Ålesund

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Presetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Presetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.