Spesialseksjon Ålesund

Dette er ein av sju seksjonar innan avdeling for sjukehuspsykiatri og er ein open akuttseksjon. Pasientgruppa er svært variert både når det gjeld alder og diagnose. Liggetida varierer frå nokre dagar til fleire veker. Det er plass til 14 pasientar hos oss.

Les meir om Spesialseksjon Ålesund

Spesialseksjon Ålesund

Behandlingstilbodet blir tilpassa den enkelte. Vi legg vekt på fellesaktivitetar som miljøterapi, gruppeterapi og ulike fysiske aktivitetar . Seksjonen har eit variert og godt kvalifisert fagpersonale.

Vi handterer psykiske lidingar som til dømes:

  • angstlidingar
  • stemningslidingar
  • psykosar
  • personlegdomsforstyrringar
  • posttraumatiske stresslidingar
  • spiseforstyrringar
  • rusproblem
  • speleavhengigheit
  • krisereaksjonar
  • tilpassingsforstyrringar

 

Nyttig informasjon

Alle får einerom med eige bad. Lokala er lyse og moderne med flott utsikt mot fjord og fjell.

Kontakt

Oppmøtestad
Spesialseksjonen ligg i psykiatribygget vest for hovudsjukehuset, inngang A. Du finn oss i 2. etasje.
Telefon
Seksjon 70 10 65 90 pasienttelefon 70 10 65 43
E-post
Postadresse

Helse Møre og Romsdal HF
Spesialseksjon psykisk helsevern
Ålesund sjukehus
6026  ÅLESUND

Ålesund sjukehus
Besøksadresse
Åsehaugen 5(Google maps)
Telefon
70 10 50 00
Medisinsk nødtelefon 1 1 3

Praktisk informasjon

Besøkstid ved spesialseksjonen

Måndag-fredag: kl 18:00 - 20:00
Laurdag: kl 14:00 - 15:00 og kl 18:00 - 20:00

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Parkering

​​Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet. Betaling pr. time kontant eller bankkort.

Kart over sjukehusområdet, inkludert informasjon om parkering.

Biletet er klikkbart og gir større versjon (pdf).

 

Pasienthotellet

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon finn du på pasientreiser.no.

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Sjukehusapoteket i Ålesund

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.