Aure rehabiliteringssenter

Ved Aure rehabiliteringssenter tilbyr vi både programopphald og individuelle opphald.

Les meir om Aure rehabiliteringssenter

Aure rehabiliteringssenter

Aure rehabiliteringssenter
Aure rehabiliteringssenter

Alle får tildelt ein rehabiliteringskoordinator og individuell kartlegging og oppfølging. I samråd med tverrfagleg team setter ein eit individuelle mål for rehabiliteringa.  Rehabiliteringstilbodet tek sikte på at deltakarane skal få gode mestringsstrategiar og god motivasjon for vidare deltaking i eige liv. Det er eigeninnsatsen til den enkelte som er avgjerande for resultatet.  

Kvar veke bruker vi den flotte naturen på Aure. Då smør alle niste, med rettleiing frå kjøkkengjengen, tek på godt med klede og går ut på tur eller køyrer til ein triveleg stad i nærområdet.

I samråd med tverrfagleg team kan ein ta del i ulike tema, trening i grupper og basseng.

Døme på tema:

  • Samtalegruppe
  • Informasjon om kreftsykdom og evt. lymfeødem.
  • Fysisk aktivitet ved langvarige smerter
  • Balanse og fallførebygging
  • Smertemeistring
  • Helse/uhelse
  • Søvn
  • Stressmeistring  og mindfulness
  • Parkinsonstema

Døme på grupper:

  • Balanse-  og fallførebygging
  • Rørslegruppe
  • Sirkeltrening
  • Bassenggruppe
  • Stor ball
  • Spinning

Naturbilde frå Aure

Tilvising

Tilvising skjer via fastlege eller sjukehus til felles inntaksnemnd ved individuelle opphald. For søknad til programopphald kan du sende søknaden direkte til Aure rehabiliteringssenter.

Individuelle opphald

Opphaldet varer frå to veker. Dei som får dette tilbodet er personar med nevrologiske plager, samansette plager og andre som treng tverrfagleg tilnærming.  Anten kjem personane direkte frå sjukehus, eller dei er tilvist av fastlege. Vi setter saman individuell timeplan med tilpassa aktiviteter og tema. Om ein treng ambulant besøk før opphaldet, før heimkomst eller etter heimkomst gjer vi dette. Vi har tett kontakt med heimesjukepleiarane i kommunen.

Ambulant verksemd/hospitering

Programopphald

Vi har fire ulike programopphald ved senteret, der alle deltakarane har individuell oppfølging, men har tematimer, gruppetreningar og bassengtreningar i gruppe. Programma består av deltakare med nakkeproblematikk og med kreft, eit kalla Parkinsonskolen og eit kalla «Raskere tilbake til arbeid». Nedanfor er dei forskjellige programma vidare skildra.

1. Programopphald for nakke

Opphaldet  går over tre veker, og er for dei med nakkeplager, til dømes slitasje, prolaps, skade på virvlar eller ein kombinasjon av disse. Felles er at dei treng spesialisert rehabilitering. Fokuset for opphaldet er å redusere smerte, betre funksjonen i nakke, samt betre den generelle fysiske funksjonen. Rehabiliteringstilbodet skal også gje delatakarene innsikt i korleis smerter verkar inn på dei og deira aktivitetsfunksjon.  I samråd med tverrfagleg team kan nokre deltakare få tilbod om maskinell strekk av nakke.

2. "Raskere tilbake til arbeid"

Dette er eit tre vekers tilbod til personar med muskel- og skjellettplager som er sjukemeldt eller står i fare for å bli det og skal tilbake i arbeid. Ein del av den individuelle oppfølginga består av ein standardisert arbeidskartlegging der fokuset er å sjå områda til personen som styrkar og hindrar deltaking i arbeidslivet. Opphaldet er ein progressiv og målretta prosess. Prosessen er vekslande ut i frå kva tilbakemeldingar som kjem frå deltakaren, arbeidsplassen, NAV etc. Deltakarane skal også lage ein handlingsplan med tanke på vidare plan for korleis dei skal komme tilbake i arbeid og de måla dei har sett seg. Dei kan få rettleiing i kommunikasjonen med arbeidsgivar, fastlege, NAV og bedriftshelseteneste. Etter fire månadar skal deltakaren få ein oppfølgingssamtale.

3. Parkinsonskulen

Dei med Parinsons sjukdom eller parkinsonisme kan delta på eit fire vekers opplegg, der hovudtilnærminga er trening etter LSVTbig- metoden. Dette er intensiv trening der ein bruker store rørsler utført med stor kraft. Dette er for å «normalisere» daglige aktiviteter. Deltakarane får individuell oppfølging av LSVTbig- sertifisert fysio- eller ergoterapeut.

4. Kreft

Tilbodet  er retta mot personar som har gjennomgått kreftbehandling. Ein vil få individuell kartlegging og oppfølging av det tverrfaglege teamet.  Vi vil gje deltakarane innsikt i sjukdommen og kva kvar enkelt kan gjere for å fortsatt leve eit så bra liv som mogleg. Dette går til dømes ut på å rettleie, motivere og hjelpe deltakarane med å komme i gang med positive tankeprosessar og trygge ein i fysisk aktivitet.

Bilde 3.jpg 

Søknadsopplysningar

Søknad om programopphald skal sendast direkte til:
Aure rehabiliteringssenter
6690 Aure

Kontaktperson:
Randi Barlaup
Tlf: 71 64 79 00


Søknad om spesialisert rehabilitering for individuelle opphald skal sendast til:
Felles Inntaksnemnd
Avd. for fysikalsk medisin og rehabilitering
6026 Ålesund

Kontaktperson:
Randi Spjutøy
Tlf: 70 10 57 51

Kontakt

Telefon
71 21 72 00
E-post
Postadresse

Aure rehabiliteringssenter

6697 Aure

Praktisk informasjon

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.